![]() |
Ein sherpa frå Himalaya som restaurerer eit steinhus, ei buferd med krøtter frå stranda til garden oppi lia, dette skulle
dei gjort opptak av denne veka før dei flytta seg frå inste Sogn til Stadlandet uti havgapet. Dei veit dei går glipp av scener
som ikkje lar seg rekonstruere seinare.
- Når opptaka til "Der ingen skulle tru..." må forskyvast, betyr det også at det blir vanskeleg å få gjort sommaropptaka til minneprogrammet om diktaren Per Sivle som skal vere ferdig til våren 2007, fortel Oddgeir Bruaset. Men akkurat no gjeld det å stå på!
Og Øyvind Sandnes legg til: "Bernander kunne ha mykje å lære av dei rause menneska vi møter rundt om i landet når vi lagar desse programma!"


