Årets «Kjuagutt» i Bergen er ei kvinne.

(02.12.03) Bergen Presseforenings heiderstittel «Kjuagutten» er for 2003 delt ut til
byens eigen minister, Kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Av Ketil Tjore

- Årets vinnar har vore tilgjengeleg for media også i saker der personen ikkje har eigeninteresse. Ho har evna til å formidla vanskelege tema til publikum på ein forståeleg måte, vart det referert frå juryens papir før leiar i Bergen Presseforening Dag Idar Tryggestad overleverte Kjuagutt-statuetten til Erna Solberg.

- Det er bra at statuetten vert delt ut med bakgrunn årets som har gått, for i haust har eg skaffa med hemmeleg telefonnummer, sa Erna Solberg i sin takketale. - Mitt utgangspunkt er at journalistar også er menneske.

Ho nytta også høvet til å koma med nokre spark til VG, som ho meinte ikkje alltid hadde like interessante spørsmål, men samstundes vona Solberg på at samarbeidet med journalistane ville vera bra også i tida framover.

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING