Årsmøte og drap

(08.11.04) Sogn og Fjordane er rysta etter to drap på kort tid. Korleis har pressa oppført seg og takla dette. Debatten tek vi på årsmøte i Sogn og Fjordane Journalistlag.

Rektor Frode Hjort-Larsen ved Sogndal Folkehøgskule har vore gjennom to tøffe veker etter drapet på Hedda Karterudseter. Under den journalistfaglege delen av årsmøte vil han fortelje om korleis han opplevde timane etter drapet og møtet med pressa. Eva Marie Halvorsen, som er leiar for sjukepleiarutdanninga i Førde, fortel om tilsvarande erfaringar etter drapet på Anne Slåtten.

Program for årsmøte 12. november på Sunnfjord Hotell.

18.00: Årsmøte

19.00: Journalistfagleg del med Sogndal-drapet og Førde-drapet som tema.

20.30: Festmiddag med utdeling av pressepris og fotopris.

Overnatting for deltakarar frå Nordfjord og Sogn.

Sakliste

1. Opning ved leiar og helsingar.

2. Val av møteleiar og referent.

3. Godkjenning av innkalling og sakliste.

4. Justering av vedtektene for pressepris og fotopris.

5. Framtida for Bratte Bakker

6. Kompetanseutvikling. Få medlemer reiser på kurs. Er det

eit alternativ å arrangere lokale kurs?

7. Saker til Landsmøtet i april.

8. Årsmelding.

9. Rekneskap

10. Val

Etterpåmelding på gas-man@online.no fram til onsdag. Vel møtt!



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING