Årsmøte på Hauststormen 2008

(26.08.08) Sogn og Fjordane journalistlag legg sitt årsmøte til Hauststormen 27.september 2008.

Vi har fått 20.000 i ekstra støtte frå NJ til dette. Desse pengane vil vi bruke på deltakararstøtte, slik at Hauststormen kan blienno billegare for deg! 

Refundert påmeldingsavgift
Når vi ser kor mange deltakarar som melder seg på frå Sogn og Fjordane, veit vi kor mykje det vil utgjere pr person.
Støtte får årsmøtedeltakarar ved å sende søknad og kontonummer til Geir Arne i journalistlaget på epostadressa geir@inmedia.no. I tillegg håpar vi at arbeidsgjevarane har gitt god Hauststorm-støtte til sine journalistar!

Meld deg på i dag
D
et er ingen ting å nøle med! Gå til www.hauststormen.com og meld deg på i dag.Absolutt siste frist er 29.august!
Pris: 1950.- inkl heile helga med full pensjon, konferanse, festmiddag og dans.
Med refusjonar frå arbeidsgjevar og NJ kan du komme nær 0 kroner totalt.

PS!
Hugs også å brukeden unike Hauststormskulen!

Smakebitar frå
programmet:Få med deg spennande debatt om nettjournalistikk, der vi også legg fram ei rykande fersk undersøking om nettjournalistikken vår. Høyr TV2 sin Fredrik Græsvik spørre om norske redaktørar prøver å drepe han. Korleis taklar media kritikk? Kva utfordringar har facebook gjeve oss? Korleis taklar vi alle ektiske spørsmål ein katastrofe fører med seg? Kva konsekvensar har klimaendringane?

I tillegg blir det tapas på fredag og festmiddag på laurdag, med høve til dans og moro. Gå ikkje glipp av Hauststormen 2008. Storhendinga for journalistar på Vestlandet!

www.hauststormen.com



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING