Årsmøteprotokoll 2008

(16.03.09) Her finner du protokollen fra årsmøtet i MRJ, som ble holdt under hauststormen på Voss 27. september -08.

Protokoll

Årsmøtet i Møre og Romsdal journalistlag 2008
Voss 27. september 2008.

1. Konstituering.
Møteleiar var Per Kåre Tveeikrem, Romsdals Budstikke og Ann Eli Nøsen, NRK.
Innkallinga vart godkjent utan kommentarar.

Referentar:
Malin K. Korsnes, frilansjournalist og Sindre Halkjelsvik, faglig sekretær MRJ-styret/Sunnmørsposten.

Tellekorps:
Tarald Green-Stensrud og Marianne Holden, begge Høgskulen i Volda.

Redaksjonskomité:
Svein Bjørnerem, nestleiar MRJ-styret/Romsdals Budstikke, Jannicke Farstad, NRK, og Sindre Omenås, Sunnmøringen.

Underskrift protokoll:
Johan Behrentz, Sunnmørsposten, Marit Heiene, Romsdals Budstikke.

2. Orientering frå nestleiar Kjetil Haanes i NJ.
Haanes informerte årsmøtet om debattane som går om eventuell utviding av NJ til eit medieforbund som vil auke medlemsmassen frå dagens 9700 til 12000-13000. Det er ulike oppfatningar om dette internt i NJ.

Haanes kom vidare inn på eigarskapspolitikken til NJ som framstår, slik han sa, noko gamaldags. Ein ny strategi skal meislast ut, men her har NJ, i følgje Haanes, framleis ein lang veg å gå.

Som tredje punkt orienterte Haanes om NJ sin nye kurspakke som i større grad opnar for individuell tilpassing.

Og til sist informerte han årsmøtet om at STUP-ordninga no blir flytta ut av Institutt for Journalistikk (IJ) og inn i NJ der ein person skal tilsetjast for å få opp søkjarmassen til STUP-midlane.

3. Årsmelding.
Årsmeldinga vart gjennomgått punktvis av møteleiar Per Kåre Tveeikrem.

Under punktet "Andre tillitsverv for MRJ-medlemmar" vart Solfrid Vartdal, Sunnmørsposten, teken ut. Ho er ikkje lenger medlem i det no nedlagde Konsernutval NJ i Orkla. Under same punkt blei det opplyst at Marit Heiene ikkje er varamedlem, men medlem av valkomiteen i NJ.

Under punktet "Styrets arbeid i perioden" vart det frå Marit Heiene stilt spørsmål rundt mangel på medlemsinformasjon. Styreleiar Bjørn Steinar Skarbø gjorde greie for for at det ikkje kom i gang slikt arbeid då dei nye nettsidene låg klare i april. Dette tok styreleiar sin del av ansvaret for.

Under punktet "økonomi" vart det utveksla synspunkt rundt NJ sitt regnskapssystem, som i følgje årsmeldinga, ikkje gjev den direktetilgongen til rekneskapstala som MRJ har hatt tidlegare. Det vart påpeika at desse rekneskapstala burde vere tilgjengeleg automatisk, også for å forenkle revisjonen.

Under punktet "lønsoppgjer" kom det innspel frå salen om at NRK-oppgjeret også bør vere ein del av orienteringa i årsmeldinga. Dette manglar i årsmeldinga for 2008.
Vidare kom Borge Otterlei, Sunnmørsposten, med innspel om at lønsutviklinga for journalistar i Møre og Romsdal hadde vore på sin plass å ta med. Svein Bjørnerem, nestleiar i MRJ-styret, meinte at dette ikkje hadde noko i årsmeldinga å gjere. Styreleiar Bjørn Steinar Skarbø orienterte om at slik informasjon kjem på tariffkonferansane til NJ.

Under oppramsing av årets arrangement i MRJ-regi informerte styreleiar Bjørn Steinar Skarbø om eit punkt som hadde falle ut av årsmeldinga. Dette gjaldt debattkvelden om dekninga av raset i Fjelltunvegen. Den vart halden i Ålesund i slutten av mai med brei deltaking av både pårørande til omkomne, busette i blokka og redaktørar frå både rikspresse og lokalpresse. Arrangementet vart gjennomført i samarbeid med Ålesund Presseforening, og utløyste ekstramidlar frå NJ.

Under punktet "Hauststormen" vart det først påpeikt ein skrivefeil i årsmeldinga.
Setninga
"Tilbakemeldingane etter arrangementet var gode, men summe frå vårt stykkje gav nok uttrykk for at Voss var den greiaste plassen å reise til"
vart endra til
".......gav nok uttrykk for at Voss ikkje var den greiaste plassen å reise til."
Under dette punktet kom det også til diskusjon rundt MRJ som medarrangør av Hauststormen, og ulike synspunkt vart lufta i høve til avgjerda om å leggje årsmøtet 2008 til Hauststormen.
Styreleiar Bjørn Steinar Skarbø orienterte om at dette blei vedteke av MRJ-styret som ei prøveordning for 2008, ikkje minst fordi årsmøteavvikling under Hauststormen utløyste så store ekstramidlar frå NJ at det blei muleg å sende over 40 journalistar frå Møre og Romsdal til kombinert årsmøte og journalistfagleg konferanse. Men styreleiar påpeika også at Hauststormen nok kom rundt ein månad for tidleg i høve til optimal årsmøteavvikling, og gjentok at Voss ikkje er den greiaste plassen å reise til.

Diskusjonen munna ut i eit oversendingsforslag frå Per Kåre Tveeikrem til styret:
"Årsmøtet i M og R J-lag 2008 ber styret legge fram en utredning til årsmøtet 2009 om konsekvensene det får for M og R J-lag å være medarrangør for Hauststormen."

Under punktet "Styret i vurdering av året" blei følgjande setning fjerna:
"Styret er skuffa over at Kjetil Haanes ikkje vart vår kontaktperson i styret for NJ."
Inn kom setninga:
"Vår kontaktperson i styret for NJ er Åsne Haugli."

4. Rekneskap og revisjon
Rekneskapet vart gjennomgått av Bjørn Steinar Skarbø som orienterte om at det vert søkt om å dekka inn årets undersskot frå NJ. Revisor Knut Romestrand påpeika at det ville vore ryddigare å føre rekneskapen slik at renteinntekter og renteutgifter kjem fram i rekneskapen. Det vart frå styreleiar opplyst at årets renteinntekter utgjer 141 kroner.

5. Handsaming av framlegg om endring i vedtekter for Møre og Romsdal Journalistlag
Av tidsmessige årsaker, og ønskje om ein grundigare gjennomgang av dette punktet, blei det vedtatt å utsetje punktet til årsmøtet i 2009.

6. Journalistprisen i Møre og Romsdal
Det blei frå styreleiar informert om arbeidet til juryen og innspel frå denne med tanke på endringar som kan gjere journalistprisen meir i takt med tida. Frå Olav Skjegstad, Romsdal Budstikke, kom følgjande forslag, som blei vedteke av årsmøtet:
"Årsmøtet gir styret fullmakt til å sette ned eit utval som skal utarbeide statuttar og reglar for journalistprisar i Møre og Romsdal journalistlag frå og med 2009. Styret får fullmakt til å vedta dei nye statuttane og reglane. Vedtatt av årsmøtet i MRJ på Voss den 27. september 2008."

7. Val
Forslaget frå valnemnda, underskrive av Synnøve Hole, vart i si heilheit valt med handklapp og utan avstemming.

Leiar:
Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet (for 1 år)

Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke (ikkje på val)
Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten (ikkje på val)
Olaug Bjørneset, NRK Møre og Romsdal (for 2 år)
Sissel Helen Kvalvik, NRK Møre og Romsdal (NY, for 2 år)
Anne Midtsæter, Romsdals Budstikke (NY, for 2 år)
Siv Storløkken, Aura Avis (for 2 år)

Vara:
1. plass: Høgskulen i Volda.
2. plass: Øystein Johannessen, TKTV/Tidens Krav (NY)
3. plass: Øyvin Bjørshol, Tidens Krav
4. plass: Arne Rovick, TV2
5. plass: Arnfinn Mauren, Aftenposten

Styret konstituerer seg sjølv.

Revisorar:
Alv-Jørgen Tyssing, NRK Møre og Romsdal og Knut Romestrand, Bygdebladet.

Utsendingar til landsmøtet:
Bjørn Steinar Skarbø
Svein Bjørnerem
Olaug Bjørneset
Siv Storløkken

Vara:
Sindre Halkjelsvik
Anne Midtsæter
Sissel Helen Kvalvik

Valnemnd:
Synnøve Hole, NRK, Møre og Romsdal
Karl Petter Løvoll, Sunnmørsposten
Eric Utheim, Tidens Krav

Vara:
Per Kåre Tveeikrem, Romsdals Budstikke


Malin K. Korsnes, referent                                                     Sindre Halkjelsvik referent


Marit Heiene, protokollsignatur                                               Johan Behrentz, protokollsignatur

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING