Årsmøtet engasjert om vikarpolitikk

(30.10.05) Dessverre måtte også dette årsmøtet vedta ei fråsegn om handsaminga av vikarar i NRK. Tillhøva for vikarar ser ikkje ut til å ha blitt nokre betre det siste året. Etter den klare og tydelige haldninga til årsmøtet, har styret og leiinga eit klart mandat.

Årsmøtet i NRKJ konstaterer at NRK framleis har mellombels tilsette som opplever jobben og framtida som utrygg. Trass fleire års arbeid i NRK, veit dei ikkje om dei har ei framtid i NRK. For nokon går dette på helsa laus.

Årsmøtet meiner det er uhaldbart at NRK framleis har ulik praksis og vikarpolitikk i avdelingane.

NRKJ hadde tidlegare i år eit møte med NYDI-leiinga om vikarpolitikk, utan at dette har gjtt konkrete resultat. Årsmøtet krev at NRK i samarbeid med NRKJ, utarbeider ein klar og tydeleg vikarpolitikk. NRK må så sørge for at denne politikken vert gjort gjeldande i heile bedrifta.

Ein slik politikk må innebera at leiarar er tydelege i kommunikasjonen med vikarar. Innan rimeleg tid, og seinast innan ett år, må vikarar få ei avklaring om dei har ei framtid i NRK. Journalistar som har vore vikarar lenge, skal kunna utøva jobben i trygg forvissing om at NRK ynskjer å satsa på dei også i framtida.

Årsmøtet i NRKJ
Hurdalsjøen 27. oktober 2005

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING