Det var nemleg ein del av debatten i forkant av årsmøtet til MRJ. Sidan NJ er hovudsponsor også til "Hauststormen" er det uavklart om lokallaget i tillegg kan få støtte til årsmøtesamling over fleire dagar.
Styret arbeider vidare med at vi kan greie begge dele.
Neste "Hauststorm" går av stabelen på Voss i månadskiftet september/oktober neste år. Konferansen var ein suksess på mange måtar sist år. Fleire frå Møre og Romsdal journalistlag tok turen til Voss for å få fagleg påfyll og treffe hyggelege kollegaer i andre mediebedrifter. Etter konferansen vart det sendt ut eit evalueringsskjema til deltakarane. Responsen på dette var svært god og fleire kom med gode innspel om kva som kan verte betre. Desse innspela tek det nye styret tek med seg fram mot neste konferanse som vert i 2008.

