Vi skal gjennom vanlige årsmøtesaker og vi skal mellom anna diskutere lønnssystem og det etiske regelverket i NRK.
Styret reiser til Hurdalsjøen tysdag ettermiddag for å ha eit siste møte og førebu det praktiske til møtet. Valkomiteen reiser også til Hurdalsjøen samstundes for å legge dei siste detaljane i kabalen. Innstillinga frå valkomiteen blir lagt fram når årsmøtet opnar.
Alt om årsmøtet finn du på Årsmøte 2005.
Det blir regelmessige rapportar frå årsmøtet på Hurdalsjøen her på nettsidene våre onsdag og torsdag denne veka.

