Årsmelding 2006

(08.01.07) Her finn du årsmeldinga til Sogn og Fjordane journalistlag 2006.

Årsmelding 2006

Sogn og Fjordane Journalistlag

 

Styret

På styremøte i Førde 31.oktober vart det nye styret i Sogn og Fjordane journalistlag konstituert. Årsmøtet 2. oktober valde Jon Sørland (Firdaposten) som leiar. Styret fordelte postane på det konstituerande møtet. Stian Sjursen (NRK) vart nestleiar, Geir Arne Solheim (InMedia) held fram som kasserar og sekretær og Marit Bendz (frilansjournalistane) vart fagleg ansvarleg. Arbeidet i styret har fungert godt, med god fordeling av arbeidsoppgåvene. Det har vore eit aktivt år, både med tanke på streik, to omfattande seminar og Hauststormen.

 

Bratte Bakkar på nett

Bratte Bakkar har no gått over som rein nettavis, og dette har fungert langt betre enn den tidlegare papirutgåva. Stian Sjursen er ansvarleg for publisering på nettsida www.nj.no/sfj. Nettansvaret er lønna med 2500 kroner i året. Nettstaden er no ein effektiv kommunikasjonsportal mellom styret og medlemmane som får informasjonen raskt og presist fram til kvar einskild medlem. SFJ nyttar e-post som kontaktpunkt ut mot kvar einskild medlem, med små nyhende-saker som viser vegen vidare til nettstaden. Sørg difor for at e-post til alle medlemmane vert rapportert inn til styret.

 

Økonomi

Rekneskapsansvarleg for rekneskapsåret 2005/2006 har vore Geir Arne Solheim. Sogn og Fjordane Journalistlag hadde for perioden 2005/2006 eit positivt årsresultat på 1.641,25 kroner, dette som følgje av renteinntekter. I alt har SFJ i år tilbakebetalt 35.883 kroner til NJ i ubrukte midlar. Eigenkapitalen per 31.8.06 er på 165.347,76 kroner.

  Alle postane gjekk i pluss sett bort frå vårseminaret. Dette gjekk i ”underskot” med 17.000 i høve budsjettet. Dette skuldast god påmelding og eit omfattande program. SFJ har høve til å omdisponere midlar innanfor råmene. Haustseminaret på Frønningen gjekk med over 30.000 kroner i ”overskot” i høve budsjettet, og vi henta difor pengane derifrå. Dette er avklara med Kirsten Berg i NJ og funne i orden.

  På Aldenkontoen hadde SFJ ståande 21.300 kroner per 31.8.06. Dette er hovudsakleg to Aldenstipend kvar på 10.000 kroner som ikkje vart innkrevd før rekneskapsslutt. Desse vart utbetalt i september 2006. I år fekk SFJ utbetalt 90.000 kroner (etter rekneskapsslutt) frå Alden Forlag som ein del av opptrappingsplanen. I 2007 aukar denne potten til 100.000 kroner. Betalinga for rekneskapsføringa står uendra på 35.000,- av aldenmidlane. Det betyr at potten til stipend aukar kraftig i 2007. Ved neste vårseminar kan vi dele ut heile 55.000 kroner, og i 2008 kan vi dele ut 65.000 kroner.

 

Nytt rekneskapssystem

Frå rekneskapsåret 2006/2007 vert nokre endringar i rekneskapsføringa for SFJ. Lokallaget skal framleis styre sin eigen økonomi med eigen kasserar. Men i staden for at kasseraren enkelt og greitt kan gå på nettet og føre bilag, må kasseraren no jamnleg sende bilaga til NJ og markere kva post dei skal førast på i rekneskapet. For eit lite lag som SFJ vert det altså meirarbeid gjennom året med den nye ordninga. Årsaka til omlegginga er at dei store laga ikkje maktar å føre rekneskapen korrekt. SFJ har tidlegare protestert på omlegginga, men har akseptert at det no vert gjort på denne kronglete måten. Heretter tek NJ over årsavsluttinga av rekneskapen, og – slik vi har skjøna det – revisjonen. NJ kjem tilbake med meir info etter kvart som det er avgjort nøyaktig korleis omlegginga skal føregå i praksis.

 

 

Haustseminar 1. – 2. oktober 2005

Forteljarglede var eit sentralt tema under haustseminaret på Frønningen 1. – 2. oktober 2005. Førelesar i journalistikk, Jo Bech-Karlsen, brukte den korte og konsise sjangeren Haiku som metode for å fokusere på den gode og overraskande historia. Naturen vart nytta som klasserom. Om kvelden tok skogeigar og vert Vilhelm Rumohr dei 21 deltakarane med på ei flott villmarkoppleving under det karakteristiske fjellet Bleia. Rundt leirbålet fekk forteljarkunsten leve fritt. Det var god stemning rundt leirbålet på Frønningen. 

  Sundag fortalde styremedlem i NJ, Audun Solberg, om kva saker som står sentralt i organisasjonen. Dei fleste av deltakarane fekk oppleva ein del av fylket dei ikkje har vore tidlegare, og dei fekk innblikk i korleis skogeigar Vilhelm Rumohr opplevde innføringa av verneområde rundt Nærøyfjorden. Deltakarane fekk også sjå det spesielle hovudhuset og miljøet som forma den kjende kunstnaren Knut Rumohr.

 

Fotopris 2005

Fotoprisen 2005 vart delt ut laurdag 1. oktober og gjekk til May Britt Eide i ytre Sogn Avis. Ho fekk fotoprisen for biletet ”Isbadarar i Sognefjorden” som stod på trykk i Firda. Motivet viser fire ungjenter i full fart opp frå fjorden med snødekte fjell i bakgrunnen.  - Eg hadde flaks, meiner journalisten sjølv. Men slik er det med lokaljournalistane. Dei er over alt til alle tider, og då kjem ein ofte over motiv som ingen andre. Journalistisk teft er dermed ikkje flaks! Juryen bestod i år av Olav Øygard (tidl. Firda), Rune Sævig (BT) og Arild Nybø (tidl. NRK). Desse var samrøystes i at årets vinnar er verdig prisen.

 

Pressepris 2005

Firdajournalist Katrine Sele vart tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag 2005 laurdag 1. oktober. Sele får prisen for sin artikkel om Ole Johan Grønskag, ein ung dramatikar frå Kalvåg som tok sitt eige liv i mai 2004. Sele fekk mykje ros frå juryen for å klare å ta opp eit så vanskeleg tema som sjølvmord. Ho fekk samstundes ros for sine uredde kommentarar i avisa Firda. Juryen for presseprisen 2005 bestod av journalist og programleiar i TV2, Solveig Barstad, informasjonsleiar i Fiskebåtredernes forbund, Arill Riise, i tillegg til informasjonssjef i Helse Førde, Arild Nybø, som var leiar for juryen.

 

Årsmøtet 2. oktober 2005

Årsmøtet 2. oktober 2005 gjekk gjennom den nye ver varsam-plakaten og hadde ingen merknader til det, anna enn å setje spørjeteikn med punkt 4.17 der det står ”der hvor dette er teknisk mulig”.

  Det kom ingen innspel til styret frå årsmøtet.

  Audun Solberg frå NJ snakka om kva som er fokus for NJ ved hovudoppgjeret i 2006. Han tala om at det er andre fleire ting enn løn og pensjon som opptek  NJ, mellom anna bruk av midlertidig tilsette. Streik sit langt inne, men ein må alltid ha det i botnen i forhandlingar.

  Årsmeldinga vart godkjent for 2004/2005. Det vart kommentert (som eit innspel) at ein ønskjer fleire ad hoc-møter i SFJ-regi i løpet av neste periode.

  Rekneskapen vart godkjent av årsmøtet. Det vart påpeika at medlemmane bør få sjå rekneskapstala før årsmøtedagen. Olav Øygard stilte òg spørsmålet om ein bør vurdere å bruke ein del av den sterke eigenkapitalen til solidaritetsarbeid. Han ville at det nye styret skulle ta dette opp til vurdering.

  Det var elles poengtert at styret må følgje opp etableringa av lokalavtale i Firda Tidend og å få til ein klubb i radio Pvest.

  Jon Sørland tok over som leiar for Lars Kristian Solem som takka for seg etter to år i leiarstolen. Nestleiar Hilde Genberg takka òg for seg på årsmøtet på Frønningen. Marit Bendz kom inn som nytt styremedlem. Stian Sjursen og Geir Arne Solheim heldt fram i styret. Sjursen rykka fram som nestleiar. Arve Solbakken gjekk ut som varamedlem. Dei nye varamedlemmane er (i rekkjefølgje) Åge Senneset (Fjordenes Tidende), Eirik Thue (Sogn Avis) og Hilde Genberg (Firda). Den nye valkomiteen er Lars Kristian Solem (Sogn Avis) og Ingunn Osland (Firda).

 

Tillitsråd haust, 21. november 2005

Det vart arrangert tillitsråd på Skei 21. november 2005. Tema til tillitsrådet var det komande hovudoppgjeret, portoauken til avisene, den nye ver varsam-plakaten, idear til vårseminar, kursplanar i bedriftene og spørsmålet årsmøtet reiste til eigenkapitalen til SFJ.

 

Vårseminar 4. – 5. mars 2006

Vårseminaret 2006 var halde på Alexandra hotell i Loen. Her var det rekordpåmelding med kring 50 deltakarar. På programmet stod tema som identifikasjon, handtering av sjølvmord i media, informasjonsmedarbeiarar si rolle kontra journalistane og klimajournalistikk. På temaet sjølvmord stilte Gerda Frøyen (pårørande), Nils-Petter Hauge (leiar i Foreningen LEVE) og journalist Katrine Sele (Firda). Advokat Ina E. Strømstad frå advokatfirmart Hjort tok føre seg temaet identifikasjon, medan skredforskar Krister Kristensen tok føre seg klimajournalistikk – korleis vere journalist i eit fylke med mange skred? Under temaet som omhandla informasjonsmedarbeidarane, stilte Anne Brit Sande, Anne Margrethe Alværn og Rune Timberlid opp for å snakke om sin arbeidskvardag, svare på spørsmål og fortelje om si daglege kontakt med media. Marit Bendz fortalde spanande historiar frå si reise rundt Kaspihavet, med både lysbilete, tips og sterke meiningar. Om kvelden var det festmiddag med utdeling av Aldenstipendet.

 

Aldenstipend 2006

Fem journalistar i fylket fekk 10.000 kroner kvar i Aldenstipend 4. mars 2006 - Olav Hatlemark, Randi Anne Lunde, Tor Yttri, Ivar Longvastøl og Gunnhild Sindre. I alt var det 12 søkjarar. Journalistlaget får stipendpengane som vederlag for biletebruken i Årboka for Sogn og Fjordane, redigert av Atle Hellevik og Henning Rivedal. Aldenstyret 2006 bestod av Jon Sørland, Geir Arne Solheim og Stian Sjursen.

  -Vi har tatt omsyn til dei journalistiske måla til søkjarane, og har lagt vekt på ein viss lokal forankring i prosjekta. Alle har hatt som mål å bidra til det journalistiske mangfaldet i fylket,  seier jurymedlem Jon Sørland.  Mellom dei 12 søknadane var det sju menn og fem kvinner. Tre søkte om kompetanseheving, seks om reportasjeturar og tre om stønad til å realisere eit bokprosjekt.

 

Rekneskapskurs 20. april

Onsdag 20. april arrangerte Sogn og Fjordane Journalistlag kveldskurs i knekking av rekneskap etter oppmoding frå medlemane. Næringslivsjournalist Ivar Longvastøl fortalde korleis han bruker sin kunnskap i sitt daglege virke. Statsautorisert revisor Jan Flølo i Pricewaterhouse Coopers innleia om grunnleggjande analyse av rekneskap.

 

Streik 31. mai – 8. juni 2006

Det vart ikkje streik i avisene. MBL og NJ vart einige om ei ny avtale 3. juni - tre timar på overtid. I overkant av 30 NRK-journalistar frå Sogn og Fjordane gjekk derimot ut i streik klokka 15.01 onsdag 31. mai. Ikkje før 8. juni klokka 8.00 spaserte NRK-journalistane inn dørene att hjå NRK Sogn og Fjordane.

  Mellom anna oppnådde NRKJ eit generelt tillegg på 14.000 kroner. Dette gjeld òg tillkallingsvikarane. Det vart i tillegg sett av 1622 kroner i personleg tillegg i gjennomsnitt per journalist, og det vart sett av 500 kroner i gjennomsnitt per journalist til lønnsjustering. Kompensasjonen for å jobbe ikkje-periodisk vart auka frå 20.000,- til 22.000 kroner. Ein oppnådde ikkje gjennomslag for å gje vikarar fortrinnsrett ved forlenga vikariat. NRK motsette seg ikkje ein ekstra fridag, dersom dette vert betalt innanfor den økonomiske råma. Ein oppnådde to ekstra friveker til dei over 62 år som i ikkje nyttar AFP heilt eller delvis.

 

Streikekonsert i Førde 6. juni

Tysdag 6. juni vart det halde stor streikekonsert i Førde sentrum. Oddvar Torsheim, Synnøve Bjørset og Ole Johannes Øvretveit fekk journalistane oppleve på scena utanfor Førde torg. Alle journalistane i Sogn og Fjordane vart invitert til å delta, sjølv om avisstreiken vart avverga og det berre var dei 30 NRK-journalistane som på dette tidspunktet var ute i streik. -Vi ønskjer å samle dei streikande, og fortelje dei som til vanleg høyrer og ser på oss om bakgrunnen for streiken, sa streikeleiar i NRKJ, Terje Gilleshammer, i førekant av arrangementet. Sogn og Fjordane journalistlag var med som arrangør av streikekonserten. Dei samla alle dei tillitsvalde i Førde denne dagen.

 

Tillitsråd vår, 6. juni 2006

Tillitsrådet 6. juni vart flytta frå Skei til streikelokalet til NRKJ i Førde, for å legge det saman med streikemarkeringa til NRKJ-journalistane. SFJ kutta den vanlege middagen på tillitsrådet og arrangerte i staden ein grillfest for journalistane.

  På programmet denne dagen stod sjølvsagt streiken og hovudoppgjeret og det store arrangementet Hauststormen. Det vart gjort opp ein status frå klubbane. 

 

Hauststormen 29. sept-1. okt 2006

Fredag 29. september – søndag 1. oktober på Voss. 150 deltakarar over tre dagar. Eigen evalueringsrapport vert oversendt styret når den er klar seinare i år, eller vinteren 07. Denne kan evt leggast ved årsmeldinga for 2007. SFJ har vore representert med Jon Sørland og Stian Sjursen i hauststormstyret. Jon som leiar og Stian som pr-sjef.

  Kort samandrag: Fredag: Journalisten, journalismen og Midtausten, HAUSTSTORMSHOW 2006, Stormfull Vossa-aften, og Hauststorm-DJ's. Laurdag 30.september Kvifor, kvifor, kvifor, kvifor...... "Kvikksølvjentene" og "Kvikksølvbarna,  NETTJOURNALISTIKK – For rask til å vere viktig, FUSK OG FANTERI – Er det det vi journalistar driv med,  ETIKK-DRAMA.  Søndag 1. oktober: JOURNALISTUTDANNINGA, Moro Med MediaSpråk.

  

Utfordringar

Det er enno ikkje kome på plass lokalavtalar i Firda Tidend og Ytre Sogn Avis. Problemet er teke muntleg opp med NJ-sentralt, og SFJ ser alvorleg på saka. Vi har som mål at dette lar seg ordne i løpet av kort tid.

 

Elles er det eit mål at SFJ skal aktivt fronte laget utad i saker som angår laget.

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING