Årsmelding for Møre og Romsdal Journalistlag
1. september 2006 til 31. august 2007
På årsmøtet i Molde 28 oktober 2006 vart det valt følgjande tillitsvalde:
Styret:
1. Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet (Attval 2 år)
2. Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke (Ikkje på val)
3. Petter Sandvik, Sunnmørsposten (Ikkje på val)
4. Odd Kristian Dahle, NRK Møre og Romsdal (Attval 2 år)
5. Ingrid C. Ellevset, Driva (NY)
6. Olaug Bjørneset, NRK Møre og Romsdal (Ny)
7. Siv Storløkken, Aura Avis (Ny)
Leiar:
Bjørn Steinar Skarbø vart attvalt som leiar for eitt år
Varafolk:
1. Rep. frå Høgskulen i Volda (til 31/12-06, Mats Lillesund - frå 1/1-07 Harald Amdal).
2. Arnfinn Mauren, Aftenposten
3. Elisabeth Solvang, Sunnmørsposten
4. Arne Rovick, VG
5. Anita Vingen, Romsdals Budstikke
Revisorar:
Marit Heiene, Romsdals Budstikke
Bjørg Iren Hovde, Romsdals Budstikke
Valkomité 2006-07
Synnøve Hole, NRK, leiar
Leif Harberg, Tidens Krav
Sissel Tiril Rem, Storfjordnytt.
Konstituering:
Under styremøte 25/11-2006 vart styret konstituert slik:
Styreleiar: Bjørn Steinar Skarbø (valt på årsmøte)
Nestleiar: Svein Bjørnerem
Fagleg sekretær: Petter Sandvik
Sekretær: Harald Amdal
Kasserar: Ingrid C. Ellevset
Ansvarleg heimesider: Odd Kristian Dahle og Olaug Bjørneset
Styremedlem: Siv Storløkken
I driftsåret har Anita Vingen gått av som varamedlem fordi ho (mellombels) har skifta yrke og gått ut av journalistikken. Elisabeth Solvang har hatt svangerskapspermisjon det meste av perioden.
Edda Media
Ei sak som fekk mykje merksemd også dette året var resultatet av at Mecom kjøpte Orkla media. Resultata har ein set i form av skjerpa krav til lønnsemd og nedbemanning og lite tyder på at det er slutt med dette.
Medlemssituasjonen
per 31/8 2007 var medlemstalet 315. Dette er noko over fjoråret på same tidspunkt. Medlemstalet ved midten av oktober er 287. Nedgangen skuldast studentar som har avslutta studia, kome i arbeid eller har vorte sletta frå medlemsregisteret av andre grunnar.
Det har i meldingsåret kome til medlemer frå to redaksjonar der vi ikkje hadde medlemer frå før. (I alle fall ikkje på nokre år.) Det er TV Sunnmøre og Haramsnytt.
I løpet av driftsåret 2006 og 7 og inn i noverande driftsår er det skipa redaksjonsklubb i TV Sunnmøre og TV Nordvest der alle journalistar no er med i NJ. Dette er svært gledeleg.
MRJ har medlemer i følgjande verksemder: Adresseavisa, Aftenposten, Aura Avis, Bygdebladet, Dagen, Driva, Fiskaren, Haramsnytt, Høgskulen i Volda, Møre, Mørenytt, NRK Møre og Romsdal, NTB, Nytt i Uka, Romsdals Budstikke, Stordfjordnytt, Sunnmøringen, Sunnmørsposten, Sykkylvsbladet, Tidens Krav, TV Nordvest, TV Sunnmøre, TV 2, VG, Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten, Øyblikk og Åndalsnes Avis, aalebyen.no.
MRJ manglar medlemer i følgjande redaksjonar Nordvestnytt, Sulaposten, Synste Møre og Vestnesavisa.
Deler av mediebildet er elles noko uoversiktleg på grunn av nye nettaviser som dukkar opp utanom dei eksisterande medieverksemdene. Inntrykket er ei blanding av hobby som ein prøver å utvikle til eit levebrød eller utviding av eksisterande verksemd. Hjå summe er inntrykket ein noko lausleg organisasjon bak drifta. Andre gonger kan verksemda vere knytt opp til verksemder innan t.d. IT. Det er ukjent for styret korleis desse går økonomisk.
Leiar har vore kontakta av Ålesund politistasjon med førespurnad om korleis vi ser på desse. Bakgrunnen er at dei påfører operasjonssentralen meirarbeid ved førespurnadar om ting som skjer. Leiar svarte at det ikkje ligg til oss å peike ut kven av medieverksemdene som kan få informasjonar frå politiet og ikkje; utover at det bør kunne setjast som krav at dei har ein ansvarleg redaktør og fyl redaktørplakaten.
Andre (tillits)verv for MRJ-medlemer i perioden (neppe komplett)
Svein Bjørnerem, medlem i Representantskapet for SKUP og vararepresentant til landsstyret i NJ.
Odd Kristian Dahle, styremedlem i Hauststormen og varamedlem til styret i NRK-J.
Anne-Gry Eilertsen, Vikebladet Vestposten, medlem av valkomiteen i NJ i Edda
Marit Heiene, Romsdals Budstikke, varamedlem til valkomiteen i NJ og koordinator for felles valkomité til Edda Kontaktforum.
Kjetil Haanes, Sunnmørsposten, nestleiar i NJ.
Olav Skjegstad, Romsdals Budstikke: Styremedlem Mecom Europe, deputy group employee council Mecom, nestleder NJ Edda, og vara
til styret i Edda Media
Solfrid Vartdal, Sunnmørsposten, medlem i styret for Konsernutval NJ i Orkla.
Deltaking:
Bjørn Steinar Skarbø, Svein Bjørnerem, Petter Sandvik og Olaug Bjørneset representerte laget på NJ sitt landsmøte på Gardermoen 24 – 26 april 2007.
Leiar og nestleiar har i løpet av året delteke på kvar sitt landsråd. Odd Kristian Dahle har delteke på styremøter i Hauststormen.
Styrets arbeid i perioden
Styret har i driftsåret 2006/-07 avvikla fem styremøte (derav eitt telefonmøte). AU har hatt nokre meir uformelle samtalar på telefon knytt til praktisk arrangementsplanlegging.
Medlemsinformasjon har skjedd gjennom heimesider på Internett, tillitsråd, samlingar og direktekontakt med klubbleiarar og andre tillitsvalde.
Oppslutninga om styremøta i laget har i år vore vesentleg betre enn førre driftsår, med eit visst unntak ved eitt møte.
Økonomi
Ein viser til rekneskapen. Styret har følt økonomisituasjonen som noko trong dette året. På grunn av deltaking på Hauststormen i fjor, fekk vi ei redusert løyving til årsmøtearrangement i høve andre år. Styret valde likevel å gjennomføre arrangementet på tradisjonelt vis ettersom det også var markering av lagets 25 års jubileum. Mellom anna ved å overføre frå andre løyvingar til dette arrangementet og førebu seg på å bruke 20.000 kr av lagets eigenkapital. Etter arrangementet søkte vi i slutten av desember NJ om å få dekke den delen som var tenkt dekt av eigenkapitalen (ca 22.000 kr). Denne søknaden vart fyrst avgjort 3. september og resultatet av dette vart at MRJ må dekkje 10.000 kr av forbruk utover midlar på førehand løyvd av NJ frå eigenkapitalen.
Laget fekk etter søknad til NJ også redusert inndraging av eigenkapital etter årsmøtearrangementet 2005 frå 16. 651 kr til 10.000 kr. Dei tilbakeførte midlane er brukt til reduksjon av årets underskot.
Vintersamlinga hadde eit meirforbruk på 1.835 kr som er dekka av andre løyvingar frå NJ.
Dei to tillitsråda er avvikla med samla litt mindre bruk av midlar enn budsjettert.
NJ har pålagt oss å dekkje ein del av honorarutbetaling (kr 6.776) til styremedlemer over eigenkapitalen. Grunngjevinga deira er at det i løyvinga frå NJ er sett eit tak på honorar på 15.000 kr. 10.000 kr i generelt honorar og 5.000 kr til ansvarlege for heimesidene.
MRJ har også i år utbetalt honorar i tråd med vedtak på årsmøte i 2002, og det er fyrste gong vi blir trekt av eigenkapitalen. Skilnaden er at medan vi tidlegare betalte dels honorar og dels generelle utgiftsdekningar, har vi i år betalt alt som honorar fordi NJ ikkje tillet oss å utbetale utgiftsdekning. Tidlegare har vi dermed kunne trekke både på løyvingar til honorar og løyvingar til driftsutgifter, men i år vil NJ ikkje tillate oss å trekkje av driftsmidlar med inndraging av eigenkapital til følgje.
Løyvingssystemet og rekneskapsprogrammet til NJ fungerer elles greitt og gjev godt oversyn over økonomien. Laget brukar nettbank som fungerar godt. Kasserar og leiar har brukartilgong til kontoen.
Også i år har NJ ført rekneskapen og det har fungert greitt i seg sjølv. Følgja er at det gjev NJ vesentleg meir detaljinnsyn i drifta og dermed mindre spelerom for styret til å disponere midlar enn tidlegare.
Etter søknad ytte laget ein stønad på 5.000 kr til landssamling for seniormedlemer i Ålesund. Også dette må dekkjast av lagets eigenkapital.
Når rekneskapen og mellomverande med NJ er gjort opp, gjekk MRJ i driftsåret med eit underskot i høve løyving frå NJ på kr 21.886 kr, men tilbakeføring av ein del av inndregne midlar i førre driftsår, reduserer årets underskot med kr 6.651 til kr 15.215.
Styret ser det som naturleg å forfølgje saka med inndraging av midlar som følgje av honorarutbetalingar.
Før landsmøtet kom MRJ med innspel til handlingsplan og arbeidsprogram for å gjere NJ meir offensiv og kampkraftig i lønnsoppgjera. Dette var i tråd med innspel frå andre kantar og ei slik innretning av organisasjonen, fekk tilslutning på landsmøtet.
Solfrid Vartdal valde i år å seie frå seg attval til landsstyret, og Møre og Romsdal Journalistlag vil med dette takke henne for stor og god innsats gjennom dei åtte åra ho har vore medlem av landsstyret.
Møre og Romsdal Journalistlag føreslo Svein Bjørnerem til nytt landsstyremedlem og han fekk ein varaplass. Dagbladets redaksjonsklubb føreslo Kjetil Haanes til ny nestleiar, og han vart valt til dette vervet utan motkandidat.
Landsråd
Styreleiar og nestleiar har delteke på kvar sitt landsråd og samling for lokallagsleiar. Det fyrste i november 2006 der det vart fokusert på siste års prosessen i Orkla- / Edda Media og vidare drøfta situasjonen i laget framom landsmøtet. Situasjonen og framtid for IJ var og emne.
På det andre i februar 2006 var det mest fokus på det tilstundande landsmøtet.
Lønnsoppgjer
I år var det mellomoppgjer, men like fullt vart det brot mellom NJ og MBL og varsel om plassoppseiingar (streik). No løyste situasjonen seg relativt fort etter art partane etter eit par dagars tenkjepause, kom til at ein burde gjere eit nytt forsøk og då lukkast ein med å kome til semje. Resultatet vart generelt tillegg på mellom 4.975 og 11.075 kr per år og i tillegg teknisk overføring av personlege tillegg på 10.000 kr.
Arbeid med uorganiserte kollegar
Med unntak av den innsatsen Klubben ved Høgskulen i Volda gjer for å verve nye studentar til NJ (og MRJ), er det ikkje sett i verk organiserte tiltak for å verve nye medlemer til laget.
Vervingsarbeidet mellom nye studentar synes å ligge på nivå med fjoråret (sett ut i frå utviklinga i medlemstal.
Det er all grunn til å gje ros til styret ved Høgskulen i Volda for omfattande vervingsarbeid så vel som å skape eit breitt tilbod til sine medstudentar i form av journalistfaglege møter og journalistiske konkurransar.
Styret prøvde å få i gong eit undersøkingsarbeid for å finne ut kvifor journalsitar vel å stå utanom NJ og kvifor oppslutinga frå mindre redaksjonar er såpass laber som den er. Ein prøvde å få nokon ved HiVolda til å ta dette som ei semesteroppgåve, men lukkast ikkje.
For det inneverande driftsåret har MRJ fått midlar til frikjøp av folk som kan arbeide med å få med medlemer frå mindre redaksjonar. Dette lyt det nye styret konsentrere seg om.
Vi fekk også midlar til - og har gjennomført – ei eiga samling for tilsette i mindre redaksjonar i Molde.
Kontakt med klubbar og einskildmedlemer
Styret har prøvd å halde aktiv kontakt med medlemer i nye redaksjonar og få desse med på møter og arrangement. Oppslutninga om lagets arrangement er bra, men det gjer seg ikkje sjølv. Dette gjeld både faglege samlingar og tillitsråd. Det er også i år redaksjonar med medlemer som ikkje har deleteke på noko arrangement i regi av MRJ.
Nedbemanning
I Edda Media er det gjennomført nedbemanningsprosessar og omstillingar. Mellom anna er annonseproduksjon og annonsesal lagt ned eller kraftig redusert i fleire verksemder og i staden er to sentrale kontor for desse aktivitetane oppretta. Det eine i Vestnes i vårt fylke. Nedskjeringane har så langt styret kjenner til ikkje råka tilsette redaksjonelle medarbeidarar i Møre og Romsdal.
Årsmøte 2006
I alt 75 deltok på årsmøtehelga i Molde 21 – 22 oktober 2006. Arrangementet var også 25 års jubileumsmarkering for Møre og Romsdal Journalistlag. Av desse deltok rundt 45 på årsmøtet. For detaljar ved årsmøtet visast til årsmøtereferat utlagt på heimesidene. Arrangementet føregjekk på Hotell Alexandra.
Under årsmøteseminaret var det debatt om bimedialitet er eit kinderegg eller journalistikk med harelabb
Så var det ei avdeling der deltakarar og eit panel skulle ta stilling til publisering under ei dramatisk hending (flykapring) over Vestlandet.
Om kvelden var det årsmøtemiddag med rundt 75 deltakarar. Under middagen vart Journalistpris for feature tildelt Vera Henriksen Sæther og Bjørn Brunvoll, Romsdals Budstikke For artikkelen ”Englemødre” og Arnfinn Mauren, Aftenposten, For artikkelen ”Fotball er ikke alt”.
Espen Sem Sørmo, Romsdals Budstikke fekk heiderleg omtale for TV-reportasjar på rbnett.no
Journalistprisen for nyhende gjekk til Svein Aam og Bent Botten, Sunnmørsposten for reportasjen ”I dårlig selskap”
Øyvind Johan Heggstad, NRK Møre og Romsdal fekk heiderleg omtale for nyhendeserien ”Lakselvsaken”
Medlemer i juryen var Oddbjørg Aasen Bjørdal, Møre og Romsdal Fylke, Ketil Jarl Halse, Høgskulen i Volda, Medieutdanninga, Jan Arve Ødegård, Tidens Krav og Rune Strøm, NRK Møre og Romsdal.
Melvindprisen gjekk til gjekk til Bergljot Hjorthol, NRK Møre og Romsdal for eit svært så brennbart matprogram som utløyste brannalarm med påfølgjande evakuering av Ålesund storsenter.
Medlemsseminar (Vintersamling) i Volda 3 – 4 februar 2007
Her var det 56 deltakarar og i alt 7 føredragshaldarar, paneldeltakarar m.v. Inkludert NJs nye leiar Elin Floberghagen. Vi hadde fleire emne på programmet:
1. Edda media, prosess, status og framtid
2. NJ-politikk og landmøte
4. Om medieutdanninga
5. Omvisning på medieavdelinga ved Høgskulen i Volda.
Tillitsråd i Molde 20 oktober 2006
På tillitsrådet var følgjande redaksjonar representert. NRK, Tidens Krav, Storfjordnytt, Møre, HiVolda, Åndalsnes avis, Bygdebladet, Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten og Sunnmøringen, I tilegg var det representantar frå MRJ-styret, og sekretariatet i Norsk journalistlag v. Stein Svendsen.
På programmet stod redaksjonsrunde og ein debatt ved 25-årsleitet om korleis laget fungerer og korleis det skal satsast fram over.
Tillitsråd i Molde 18. april 2007
På tillitsrådet var følgjande klubbar representert; Romsdals Budstikke, Tidens Krav, NRK, Sunnmørsposten, Aftenposten, Høgskulen i Volda, Driva, Aura og Bygdebladet
Emne på tillitsrådet var redaksjonsrunde, orientering og debatt om situasjonen i Edda media, førebuing til mellomoppgjer og om det tilstundande landsmøtet.
Hauststormen:
Laget vedtok hausten 2005 å delta som arrangør av Hauststormen 2006. Denne gjekk av stabelen på Voss 16 - 18 september dette året. Odd Kristian Dahle var vår mann i Hauststormstyret og elles deltok andre i ulike førebuingar til arrangementet. MRJ prøvde å reklamere for samlinga. Både gjennom oppmodingar og ved å setje opp felles busstransport til arrangementet. I alt deltok rundt 22 av i alt rundt 150 på arrangementet. Mellom dei ein delegasjon frå Høgskulen i Volda som fekk redusert deltakaravgift.
Tilbakemeldingane etter arrangementet var gode, men summe frå vårt stykkje gav nok uttrykk for at Voss ikkje var den greiaste plassen å reise til.
Leiar uttrykkjer elles undring (og vonbrot) over at arrangørane ikkje fekk i stand eit skikkeleg smalahovemåltid under arrangementet. I tillegg har nok hotellet eit visst forbetringspotensiale når det gjeld å ta seg av eit så stort arrangement på ein god måte.
Neste Hauststorm skal vere i september 2008. Odd Kristian er framleis med i styret for arrangementet, men Møre og Romsdal Journalistlag har enno ikkje formelt avgjort om vi skal delta som arrangør. Dette skal handsamast på vårt årsmøte i år.
Bakgrunnen ventar med avgjerda, er at det ikkje er avklara om vi kan arrangere både tradisjonelt årsmøtearrangement (med overnatting) og delta som arrangør av Hauststormen same året. NJ tillet i prinsippet ikkje dette det halvåret ein er medarrangør til regional journalistkonferanse.
Styret i MRJ har vendt seg skriftleg til landsstyret der vi legg fram det dilemma dette fører oss opp i, og har bedd om deira reaksjon på dette. Så langt har vi fått melding om at landsstyret skal få ei orientering om dagens reglement i desember og då venteleg vil drøfte saka på bakgrunn av denne.
Arrangement ved Høgskulen i Volda
Laget har søkt om - og motteke i alt 62.500 kr i tilskot til aktivitetar ved Høgskulen i Volda. Desse midlane er vidareført til Klubben ved HiVolda til dekking av deira aktivitetar.
Styret si vurdering av året
Året har til ei viss grad vore prega av hendingar som landsmøte og nedbemanning og organisasjonsendringar i Edda media. Lønnsoppgjeret i år var eit mellomoppgjer som gav ein del kroner i tillegg.
Styret konstaterer at det er bra oppslutning om laget sine arrangement, men den kan så absolutt bli betre mellom journalistar i mindre redaksjonar. NJ sentralt har sett fokus på mindre klubbar og den faglege aktiviteten i slike, og det er og vert ei utfordring å få desse meir aktivt med i fagleg arbeid
Det har gjennom året vore god tilgong på nye medlemer frå studentane ved Høgskulen i Volda og skulen er framleis den sterkaste studentklubben i landet. Aktiviteten i klubben er høg og god.
Auka aktivitet i form av arrangement (finansiert gjennom løyvingar frå NJ via MRJ) og auka medvit mellom studentar om nytten av å vere organisert, synest å vere grunnar til dette. Det er viktig å følgje opp med å søkja løyvingar frå NJ for å halde oppe aktiviteten. Styret i Klubben ved HiVolda gjer ein særdeles god jobb med å arrangere tilstellingar med fagleg innhald for studentane.
Styret er svært godt nøgd med at Kjetil Haanes frå vårt fylke vart valt til ny nestleiar i NJ og ønskjer han lukke til med arbeidet. Samstundes takkar vi igjen Solfrid Vartdal for god innsats over fleire år som styremedlem i NJ.
Ørskog 24 oktober 2007
Styret i Møre og Romsdal Journalistlag
Bjørn Steinar Skarbø

