Årsmelding 2010-2011

(15.11.11) Årsmeldinga til Bergen journalistlag ble lagt fram på årsmøtet 21. oktober.

Bergen journalistlag har pr. oktober 2011 747 medlemmer og er det nest største lokallaget i Norsk journalistlag.  BJ har registert tillitsvalde i 22 bedrifter, men har også medlemmer innan bedrifter/organisasjonar utan tillitsvald-ordningar.  Laget har 54 studentmedlemmer.

Styret

Årsmøtet på Voss 24. september 2010 valde følgjande styre:  Jan Børge Leirvik, NRK (leiar, for eitt år), Brynhild Steine, Hordaland (to år), Heidi Torkildson Ryste, BT (to år) og varamedlemmene Dag Bjørndal, BA, Gunhild Tinmannsvik, TV2,  og Silje Stavrum, Byavisen (alle tre for eitt år).  Ronny Bertelsen, Bygdanytt, og Johannes Morland, NRK, var ikkje på val.

 

På styremøte 14. oktober konstituerte styret seg slik:

Jan Børge Leirvik, leiar (direktevald frå årsmøtet).

Ronny Bertelsen, nestleiar

Heidi Torkildson Ryste, kasserar

Brynhild Steine, sekretær

Johannes Morland, styremedlem

 

I tillegg har leiar for NJs student-klubb i Bergen Anne Huso deltatt i styrearbeidet.

 

Arbeid i styret

Styret har hatt åtte styremøte i løpet av perioden.  I tillegg har ein del saker vore behandla heilt eller delvis på epost. 

I november hadde styret eit todagars seminar i Myrkdalen.  Her blei ein stor del av aktivitetane for det kommande året fastlagt.  På seminaret blei også organiseringa av arbeidet diskutert og det blei behandla ordinære styresaker.

 
Styret har vald å dela opp i grupper og delegera deler av arbeidet. Mellom anna har ei eiga gruppe hatt ansvar for månadlege pubmøte. 

 

Representasjon

Ei rekke av BJ sine medlemmer og klubbtillitsvalde har verv av ulike slag innan sine bedrifter og konsern, både som NJ-tillitsvalde, felles-tillitsvalde, verneombod og bedriftstyremedlemmer. 

I NJ

Fram til landsmøtet i mai var Lena Klevland (TV2) fast landsstyremedlem i NJ og Jan Børge Leirvik (NRK) 4. vara.  På årets landsmøte blei Jan Børge Leirvik vald til nytt fast landsstyremedlem og Brynhild Steine (Hordaland) til 9. vara.  I tillegg blei nestleiar i Frilansjournalistene/NJ Silje Midttun frå Bergen vald som 8. vara.

Leivik har vore, og er, medlem i fleire ulike landsstyreoppnemnde utval.

Rune Valderhaug er leiar for NJs kontroll og desisjonskomité. Der var også Astrid Dalehaug Norheim (Vårt land) medlem fram til landsmøtet. 

Astrid Dalehaug Norheim er leiar for STUP-styret.

Kjetil Frugård (TV 2) er medlem av NJs valkomité.

 

Økonomi

Aktivitetene i Bergen Journalistlag dekkes primært av bevilgninger fra Norsk Journalistlag. I tillegg har BJ en ikke uvesentlig egenkapital, som lokallaget, i tråd med tidligere årsmøtevedtak, bruker på medlemsaktiviteter. Dette dreier seg i hovedsak om Gullparaplyen, og økt styrehonorar ut over det som bevilges fra NJ. På årsmøtet i 2009 fikk BJ-styret fullmakt til å fortsette praksisen med nøktern bruk av egenkapital til ovennevnte formål.

Det siste året har vi fått vesentlig mer penger fra NJ til aktiviteter, enn det som var tilfellet året før. Vi har brukt 77.147 kroner på aktiviteter, i hovedsak kveldsmøter, som har vært åpne for alle. Den samme summen året før, var til sammenligning 32.511 kroner. Dette er i tråd med signaler både fra tidligere årsmøter og NJ sentralt, om å drive mer aktivitet for medlemmer og andre. I år er også summen ubrukte midler, som må tilbakeføres til NJ, lavere enn det som var tilfellet året før. (36.531 kroner i år, mot i overkant av 50.000 kroner i fjor). Årets regnskap viser et årsresultat med 11.269 kroner i pluss.

Nytt av året, er også at vi har fått inn egne midler. Dette har vært gjort ved at styret har henvendt seg direkte til mediebedrifter og redaktørforeningen og bedt om støtte til ulike arrangementer. Dette tillater oss større slingringsmonn til for eksempel å hente relevante debattdeltagere til Bergen, og er en praksis som med hell kan videreføres.

Årsresultatet er tilført egenkapitalen, som nå er på 207.000 kroner. Egenkapitalen er plassert i verdipapirer (ca. 143.000 kroner) og bankkonto (ca. 70.000 kroner). Førstnevnte er et pengemarkedsfond i DnB Nor med lav risikoprofil.

 

Aktivitet

Eit viktig mål for styret har vore å få opp aktiviteten og revitalisera den faglege debatten.  Dette er også i tråd med hovudoppgåvene til NJs lokallag.  BJ-styret meiner at me langt på veg har lukkast med dette. Eit hovudsatsingsområde er aktivitetar der det faglege og sosiale går hand i hand.
 

Tirsdagsmøter

Et viktig tiltak har vært etableringen av måndelige pubmøter med aktuelle faglige tema.  Møtene er lagt til Madam Felle på Bryggen, noe som har vist seg å være et egnet lokale.  Oppslutningen om møtene har vært bra. 
 

Tirsdagsmøter så langt i 2011:

- 18. januar: Møte med Johannes Wahlstrøm, mannen som styrer Wikileaks i Norden. Ca. 160 pers.

- 22. februar: "Er pressen mikrofonstativ for Kurt Oddekalv?" Møte med Kurt Oddekalv og Are Kvistad, kommunikasjonsdirektør i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening. Ca. 70 pers.

- 29. mars: Møte med tidligere VG-redaktør Bernt Olufsen. Ca. 90 pers.

- 26. april: Hvordan oppfatter folk flest journalistikk på nett og i avis? Er papiravisen dødsdømt eller er det her kvalitetsjournalistikken vil komme? Møte om en undersøkelse bestilt av Nordiske Mediedager. Gunnar Stavrum (Nettavisen), Gard Steiro (Bergens Tidende) og Alexandra Beverfjord (Dagbladet) satt i panelet. Ca. 100 pers.

- 10. mai var det vorspiel før Nordiske Mediedager i stedet for debatt. Medv. Ole Johannes Øvretveit
Ca. 50 pers.

- 6. september: BJ tok terrordebatten. Panel: Jan Ove Årsæther, TV2;  Helje Solberg, VG;  Gard Steiro, BT;  Ole Eivind Henden NRK (Dagsrevyen); Lars Helle, Dagbladet;  Anders Nyland, BA;  Dag Steinfeld, bistandsadvokat og Egil Knudsen, leder Bergen AUF og Utøya-deltaker. Ca. 190 pers.

-18. oktober: Fotball og journalistikk: Davy Wathne,TV 2; Morten Pedersen, Dagbladet; Tommy Duesund, BA; Arild Rønsen og Roald Bruun-Hanssen, Brann.  Ca 60 personer.

Tillitsråd/klubbleiarsamling

BJ har i perioden hatt to tillitsråd, eller klubbledersamlingar som det heiter etter siste landsmøtevedtak. 

På det første tillitsrådet i januar var hovudtema omroganisering av NJ og organisasjonsutvalet sin rapport.  NJ-leiar Elin Floberghagen var med å diskuterte arbeidsfordeling og organisering mellom klubbar, lokallag og konsernlag i NJ.  Dette var også eit hovudtema for landsmøtet seinare på våren.  Ca 20 pers. deltok 

21.-22. oktober blir det for første gong (i alle fall i nyare tid…) arrangert fleirdagssamling for klubbleiarane. Tema er lokale forhandlingar, med kurs av fagleg rådgjevar Ketil Heyerdal, og BJs aktivitetar og oppgåver framover.  C a. 20 pers.   Årsmøtet er også lagt til denne samlinga, og det blir arrangert årsmøtemiddag på kvelden.  Ca 30 pers.

Landsmøtet 2011

Følgande var delegatar frå BJ på Landsmøtet 24.-26. mai: Ronny Bertelsen (Bygdanytt), Anne Huso (student), Brynhild Steine (Hordaland), Astrid Dalehaug Norheim (Vårt land), Arild Berg Karlsen (BT), Heidi Torkildson Ryste (BT), Hermod Hove (BA), Henrikke Helland (TV2) og Johannes Morland (NRK).

I tillegg representerte Jan Børge Leirvik (NRK) landsstyret og Rune Valderhaug (BT) kontroll og desisjonskomitéen.

Astrid Dalehaug Norheim og Arild Berg Karlsen var dirigentar for møtet.

Landsmøtet vedtok ei rekke vedtektsendringar som gjeld lokallaga.  Ansvar for direkte tariff-fagleg arbeid er no fjerna frå våre oppgåver, medan me får større ansvar for fagleg debatt. Val og fordeling av delegatar blir også endra.  Frå neste landsmøte er det i større grad klubbar som skal velga delegatar. 

Viktige tema for BJ under årets landsmøte var dei ”konsernlause” sin plass i NJ, å unngå sentralisering av makt i organisasjonen og styrking av dei regionale journalistkonferansane. 

 

Prisutdelingar

BJ sine prisar, Gullparaplyen og Fotoparaplyen, med sølvparaplyar og diplom, blei delt ut på julemiddag i Nøsteboden 20. november 2010.  Vinnar av Gullparaplyen blei Frode Fjellstad frå Bygdanytt.  Christian Kråkenes frå NRK vann Fotoparaplyen.  55 personar var med på arrangementet.

Styret ynskjer å rusta opp og heva statusen til prisane våre.  Derfor har ei eiga gruppe jobba spesielt med årets arrangement, i Galleri Nygaten 19. november.  Styret vil heva ”galla-faktoren” og gjera dette til ein fest ingen tørr gå glipp av.  Stikkord er meir og betre underhaldning, samt betre avvikling av sjølve prisutdelingane.  I tillegg har styret vedteke å oppretta ein eigen heiderspris. 

BJ har fått midlar av NJ til frikjøp av Dag Bjørndal til dette formålet.

Avis i skolen

Også i år var BJ med på Avis i skolen sitt prosjekt ”Journalist i klassen”. Samarbeidet med Avis i skolen og Nordiske Mediedager om dette opplegget er svært godt , og i år hadde over 50 skoler meldt seg på. Ca 3.500 elever fikk før sommerferien besøk av en journalist/fotograf som fortalte om medieyrket. Også mediebedriftene er positive til å være med på dette opplegget.

Undersøking lokale forhandlingar

BJ har fått fleire tilbakemeldingar om vanskelege lokale lønsforhandlingar, der mykje tyder på at fleire klubbar treng hjelp frå NJ for å koma i mål med forhandlingane. I samband med dette har BJ gjort ei spørjeundersøking blant klubbleiarane om dei lokale forhandlingane. Resultata blir presentert under klubbleiarsamlinga 21. oktober.

 

Andre aktuelle saker

Hauststormen

Styret for Hauststormen 2010 har hatt som uttalt mål å gjera Hauststormen til ein årleg konferanse. Men det blei tidleg klart at dette ikkje kom til å skje frå i år av. Derfor har 2011 vore eit mellomår med liten aktivitet. Dei geografiske grensene for konferansens område er no i ferd med å bli avklåra. Særleg har det vore usikkert om Møre og Romsdal skal høyre til under Hauststormen.


Fjorårets konferanse gjekk med eit større underskot enn venta. NJ måtte bidra med ei ekstraløyving på 110.000 kroner, sidan det ikkje fantes eigenkapital.  I framtida vil det bli tettare band til NJ i planleggingsfasen, mellom anna for å få betre kontroll på budsjettstyringa. Eit eige utval i NJ, der BJ-leiar Jan Børge Leirvik er medlem, jobbar med organisering og rammebetingelsar for regionale journalistkonferansar.


Styret i BJ har no teke initiativ til å dra i gang arbeidet med Hauststormen 2012.  Alle lag som ”eig” konferansen (Haugesund, Bergen, Sogn og Fjordane og evt. Møre og Romsdal) skal stilla med to personar til ei ny styringsgruppe. I tillegg blir redaktørforeninga invitert til å vera med.  Denne gruppa vil i løpet av kort tid starta planlegginga av neste konferanse. Eirin Eikefjord (BT) og Johannes Morland (NRK) representerer BJ.

Mediefond

I samband med nedlegginga av Bergens Presseforening i 2008 blei foreningen sin kapital overført til eit nyoppretta fond, ”Mediefondet av 2008”.  Fondet sit på store beløp, men styrearbeidet i fondet har aldri kome i gang.  Ein betydeleg del av kapitalen skal tilfalla BJ til prisformål, og frå avkastinga skal det  kunna søkast midlar ”til medieformål”.   Det er årsmøta BJ, Vestafjelske redaktørforening og Seniorklubben som skal velja styremedlemmer til fondet.  BJ har no starta arbeidet med å ”oppliva” fondet, men dette er noko som det må jobbast vidare med.

Samanslåing lokallag

Både NJ sitt organisasjonsutval (med m.a. Arild Berg Karlsen, BT, som medlem) og landsmøtet har gått inn for at talet på lokallag i NJ bør reduserast. I den samanheng er alle lokallag pålagt å gjennomføra vurderingar av eventuell samanslåing med nabolag eller andre endringar i lagsgrensene. Resultata av vurderingane skal rapporterast tilbake før neste landsmøte.

 
BJ har tatt initiativ overfor dei andre lokallaga i ”Hauststorm-området” til ei felles styresamling med dette som tema.  Det nye styret må jobba vidare med saka. Samlinga er planlagt ut på nyåret.

Medieklynge

TV 2 ynskjer å oppretta ei såkalla ”medieklynge” på Nøstet i Bergen.  Det er ei samlokalisering av større mediebedrifter, universitetet sine medieutdanningar og mindre selskap.  Pådrivarar for prosjektet er utanom TV 2, Bergen Næringsråd og Bergen kommune.  BJ har fått informasjon og meldt interesse for å delta i referansegrupper o.l.  NJ/BJ representerer ein stor del av dei som evt. vil få sin arbeidsplass i ei slik ”medieklynge”.

 

Informasjonskanalar

Å nå ut med informasjon til medlemmene om arrangement og arbeidet i BJ har det siste året møtt eit par utfordringar.  BJ har eigne nettsider inn under NJ sitt domene (www.nj.no/bj), men gjennom ein lang periode har det vore problem med å få lagt ut saker. Dette problemet skal no vera løyst.  Ei anna utfordring har vore at tilgangen til NJs  medlemsarkiv har blitt begrensa, etter krav frå Datatilsynet.  Dermed er det vanskelegare å få ut oppdaterte medlemslister for utsending av epost.

 
I tillegg til nettsider og epost har styret det siste året i stor grad brukt Facebook.  Her er det oppretta generelle sider for BJ og Gull/fotoparaplyen, samt eigne ”hendingar” for dei ulike arrangementa.

Elles er framleis plakatar og oppslag i redaksjonane gode verktøy for informasjon om kva som skjer i BJ-regi.  Klubbleiarane er også ein viktig informasjonskanal.  Mykje informasjon blir sendt til dei, for vidare spreiing til medlemmene.

 

 

Bergen 21. oktober 2011

 

 

 

 

 

 

Brynhild Steine                                     Heidi Torkildson Ryste                                Johannes Morland

 

 

 

 

 

Ronny Bertelsen                                                       Jan Børge Leirvik

 

 

 

 

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING