Årsmelding Haugesund Journalistlag 2008

(15.01.09) HJ leverte et nytt aktivt år i 2008!

 Årsmelding Haugesund Journalistlag 2007/2008

Tillitsvalde:

Årsmøtet i HJ 5. november 2007 valde desse til sine tillitsvalde:

Leiar: Thomas Førde, Stavanger Aftenblad (attval)

Styremedlemmer:

Rosa Iren Villalobos, NRK Rogaland, attval for to nye år.

Harald Nordbakken, Haugesunds Avis, attval for to nye år.

Ikkje på val:

Eli Osland, Haugesunds Avis

Bjarte Amble, Haugesunds Avis

Vararerepresentantar:

1.     vararepr. Marte Rommetveit, Sunnhordland, attval for eit år.

2. vararepr. Siri Handeland, TV Haugaland, attval for eit år.

Revisorar:

Kristine Sele, Haugesunds Avis, attval for eit år.

Arne Frøkedal, Haugesunds Avis, attval for eit år.

Valkomité:

Harald Dale, NRK Rogaland, (attval for eit år)

Truls Horvei, Haugesunds Avis, Stord (attval for eit år)

Ingvild Sjo, Sunnhordland (ny, valt for eit år).

I vinter gjekk Siri Handeland ut av styret, ettersom ho flytta til ny jobb i Stavanger. Under omframt årsmøte i Skånevik blei Randi Olsen frå Sunnhordland valt som ny vararepresentant.

Då styret hadde sitt konstituerande møte blei delinga av arbeidsoppgåver slik: Leiar: Thomas, nestleiar: Rosa, kasserar: Eli, skrivar: Bjarte, fagleg sekretær: Harald. Varamedlemmer: Marte og Siri.

Debattmøte i samband med årsmøte.

Tema: Offentlegheitslova

Arne Jensen frå Norsk Redaktørforening heldt ei opplysande, engasjert og tankevekkande innleiing om den pågåande revisjonen av Offentlegheitslova. Kvelden, debatten og spørjerunden blei krydra og stimulert av lokale døme.

Etterpå blei heile møtelyden invitert til festmiddag på Hotell Rica Maritim.

Arbeidsprogrammet:

Årsmøtet 5. november 2007 vedtok følgjande arbeidsprogram for den neste årsmøteperioden:

1. Seminar i Skånevik 1.-3. februar 2008 (med tillitsråd).

2. Medlemsmøte med fagleg innhald/debatt april 2008.

3. Tillitsråd må holdast før det sentrale lønnsoppgjeret til våren.

4. Sommarfest i juni, med fagleg innslag.

5. Hauststormen hausten 2008 (26. – 28. september).

6. Årsmøte med fagleg innhald, oktober 2008.

7. Jamnleg uformelle journalisttreff på byen, det første før jul 2008.

HJ-samling på Lucia-dagen

Torsdag 13. desember samlast HJ-medlemmene rundt pepparkaker og gløgg på Lothes i Haugesund. Mellom 20 og 30 medlemmer møtte. Arrangementskomiteen, som var samansett av Elisiv Hauge Nilsen, Eva Sternhoff og Hans Inge Ringodd, var også jury for prisutdeling denne kvelden. Både prisvinnarane og publikum fryda seg over juryen sine vedtak.

Vinterkonferansen i Skånevik 1- 3. februar

Den største satsinga til Haugesund Journalistlag også dette arbeidsåret har vore vinterkonferansen, som denne gongen gjorde ”comeback” i Skånevik. I eit dels nyoppussa hotell med godt kjøkken, blei årets konferanse vellukka og godt besøkt med tett og innhaldsrikt program, prisutdelingar og retromusikalsk suksess ved dansegolvet av vårt eige husband gjennom mange år: Ha-Ha.

Fredagskvelden, var i følge tradisjonen sett av til møte i HJ’s ”Småbrukarlag”. (Samlinga var særskilt tilrettelagt for HJ-medlemmar i redaksjonar med færre enn 12 medlemmar).

Kjetil Haanes, nestleiar i NJ, drog opp framtidsvisjonane for tilsette i små redaksjonar. Frilansjournalist Birgit Røe Mathisen snakka om resultata frå si masteroppgåve, som mellom anna handla om den problematiske nærleiken journalistar i lokale media får til sine kjelder.

Etter middagen blei det for første gong halde vernissage for årets Fotoprisutstilling. Dei ti beste bilda i fotokonkurransen deltok i denne utstillinga.

Lørdag føremiddag blei nytta til tillitsråd der nestleiar i NJ, Kjetil Haanes også deltok og snakka om aktuelle saker i organisasjonen vår.

Formiddagen blei også nytta til presentasjon av ein rapport frå tekstreklameutvalet, der det gjekk fram at TV Haugaland synda openberrt mest i høve tekstreklameplakaten.

Lørdagen heldt fram med foredrag av stipendiat Arne Krumsvik om utviklinga i landets nettaviser og om famlinga som mange avisredaktørar nå er inne i i høve nye media.

Terra-skandalen blei likevel naturleg nok hovudsaka.

Korleis kunne politikarane i Haugesund gjera samrøystes vedtak om å setja seg i gjeld for å risikera så mykje og vinna så lite? Kvifor oppdaga ikkje politikarane faren før? Kvifor oppdaga ikkje me i pressa dette tidlegare?

Til å svara på desse store grunnleggande spørsmåla hadde HJ invitert

Journalist Morten Hofstad i Finansavisen, som var den første som skreiv om det som blei til Terra-skandalen. Innleiarar var også Joar Grindheim og Hans Inge Ringodd, som begge følgde Terra-skandalen på vegne av Hgsd Avis. Haugesund-ordførar Petter Steen presenterte sin versjon av saka før spørsmål og debatt, som blei leia av Harald Dale.

Siste post under lørdagsprogrammet var HJ’s omframme årsmøte med suppleringsval til styret.

Prisutdelingar:

Før festmiddagen blei Haugesund Journalistlags pressepris delt ut til lensmannen i Vindafjord, Ingvard Gjerde.

Under festmiddagen blei desse prisane delt ut:

Journalistpris: Journalist Lena Vermedal i Bergens Tidende på Stord vann den gjevaste journalistprisen på 5.000 kroner.Vermedal skreiv seg heilt til topps med reportasjen "Livmor til låns" som stod på trykk nyttårsaftan. Den handlar om ei kvinne frå Vestlandet som valde å bli surrogatmor for barnet til eit homofilt par ho møtte på nettet.

Beste nyheitssak vart artikkelen "Forfekter åpenhet - praktiserer hemmelighold" om Terra-skandalen, laga av Haugesunds Avis-journalistane Hans Inge Ringodd og Joar Grindheim.

NRK Rogaland og journalist Gisle Jørgensen fekk pris for beste magasinsak med reportasjen "Kampen om Rådhusplassen". Denne handla om kampen mellom Bergen og Haugesund om å vinna Rådhusplassen på Monopolbrettet.

Dei to prisane var på 2.500 kroner kvar.

Grunnen til prispotten denne gongen var dobla var mellom annan at resten av HJ’s stipendfond på ca 2500 kr. blei delt ut . I tillegg nytta me om lag ein like stor sum frå årets renteinntekter.

Juryen var samansett av Siri Handeland, Egil Severeide og Magne Kydland.

To fekk fotopris

Det var fotograf Knut Strand i Bergens Tidende som også i år delte ut fotoprisane på vegne av juryen.

Vinnarane vart Terje Størksen og Kjell Strand i Haugesunds Avis. Prisane var på 3000 og 2000 kroner.

Søndag: Vinnarane av Journalistprisane fortalde om sine høgt verdsette arbeid, grep, metodar og utfordringar undervegs, som me andre kan læra av.

Juryen til Fotoprisane viste fram nominerte bilde og drøfta kvalitet og evt. veikskapar ved gode bilde.

Dei ti beste bileta i fotokonkurransen blei etter Vinterkonferansen i Skånevik sendt ut på vandreutstilling til Haugesund, Stord, Husnes og Odda.

Sjølvmord presentert i media

På aprilmøtet (24/4) hadde me eit særs vanskeleg tema på dagsorden. Hege Lamark frå Høgskulen i Bodø innleiia på bakgrunn av ein rapport ho hadde laga om korleis temaet sjølvmord blir behandla i media. Ei særs tanekvekkjande innleiing, som stimulerte til debatt både i sal og panel. Politiadvokat Thor Buberg var i panelet saman med journalist Jon Ådnøy fra Haugesunds Avis. Redaktørar var også inviterte til møtet, som blei halde på Hotell Rica Maritim i Haugesund.

Møtet samla relativt få HJ-medlemmer, men dette var eit tema som engasjerte til eit særs godt ordskifte.

Sommarfest i juni på Visnes

Fredag 13. juni inviterte HJ til sommarfest på Avaldsnes/Visnes. Kvelden opna med omvising i Nordvegen historiesenter på Avaldsnes. Her kunne alle HJ-medlemmer få høve til å friska opp att grunnleggjande historiekunnskapar, frå tidleg bronsealder og fram til mellomalderen, ein epoke som er obligatorisk pensum for alle journalistar på Haugalandet.

Etter vaksenopplæringa samla dei frammøte seg til fest i gruvemuseet på Visnes. Samlinga vart så velluka at enda fleire bør delta på neste sommarfest.

Hauststormen

Den store satsinga i haust blei som vedteke, Hauststormen på Voss 25. til 27 september. HJ-leiar Thomas var medlem av Hauststormens styre og infoansvarleg/nettredaktør for arrangementet. Nestleiar Rosa var medlem av programkomiteen.

Førebuingane starta for alvor i januar/februar og kravde mykje tid og krefter av HJ-styret. Meir info om Hauststormen ligg på nettsida: www.hauststormen.com. Eit særs arbeidskrevjande verv i Hauststormen-styre er vanskeleg å kombinera med leiarvervet i HJ. Ved neste korsveg bør HJ dela oppgåvene på fleire.

Fra HJ deltok 9 medlemmer under årets Hauststorm. Denne var ein monaleg nedgang i høve til Hauststormen for to år sidan.

Styret

HJ-styret har hatt 7 møte. Arbeidsåret blei for alvor sett i gong med styreseminar i Skånevik 26. og 27 november 2007. Her blei også grunnlaget lagt for Vinterkonferansen i Skånevik i januar 2008.

I tillegg til dei sentrale oppgavene i arbeidet med Hauststormen har styret hatt utsendingar til NJ si Lokallagsleiarsamling i fjor haust og i vår, HJ-leiaren deltok ved begge høve.

Under NJ’s tariffkonferanse i Bergen representerte Randi Olsen og Harald Nordbakken HJ-styret.

Medlemsrekord

HJ har nå 107 medlemmer. Aldri før har medlemstalet vore så høgt. Me knivar nå med Hålogaland om opprykk frå å vera NJ’s minste lokallag. (Hålogaland har 109 medlemmer).

Til årsmøtet i fjor kunne HJ melda om 103 medlemmer.

Litt av årsaka til medlemsvekst er verve- og besøkskampanjen som HJ har gjennomført i samarbeid med Frilansklubben i året som gjekk. Desse redaksjonane har hatt besøk frå styremedlemmer i HJ: Tysvær Bygdeblad, Grannar, Tysnes, Bømlo-Nytt.

I tillegg har klubben i Hgsd Avis fått til ei god løysing i mediehuset i Karmsundgata. HJ-medlemmer i Radio 102 er blitt medlemmer i ein felles redaksjonsklubb saman med journalistane i HA. Dette har auka medlemstalet vårt og betra lønns- og arbeidsvilkåra for våre medlemmer i Radio 102.

Besøks- og vervekampanjen i HJ bør halda fram.

 

 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING