Årsmelding frå SFJ

(02.11.03) Årsmeldinga frå Sogn og Fjordane Journalistlag er no redigert og klar.

Årsmelding 2003 for Sogn og Fjordane Journalistlag

 

Styret 2002/2003

Styret for perioden har bestått av leiar Jon H. Sørland, nestleiar Jan Egil Fimreite, fagleg ansvarleg Frode Søreide, og sekretær/kasserar Geir Arne Solheim. Solheim og Søreide tok over for Katrine Sele og Gro Ravnestad. Vara i perioden har vore Jørn Lien, Kari Råsberg og Arve Solbakken. Valnemnda: leiar Roy Raasholm Fauske (leiar) og Anna Wuttudal.

 

Tillitsråd2 2002

Tillitsråd2 vart halde i Florø 17. desember. Temaet var doping, etter ein del skandalar i idrettsverda. Til stades var om lag alle klubbleiarane. Ein melde forfall grunna sjukdom. Gjester var Stian Grimseth, Jan Atle Stang frå Firdaposten og Anders Skrede frå skikrinsen. Det vart ei god samling med innlagt rådsmøte og julemat.

 

Tillitsråd1 2003

Tillitsråd1 vart halde på Turtagrø i Sogn fredag 25. april. Til stades var representantar frå styret (NRK, Firdaposten, Fjordabladet), frå Firda, Sogn Avis og Nj-sentralt ved Ketil Heyerdahl. Tok opp til diskusjon vedtektene til presse og fotoprisen, samt juryen til desse prisane. Sender det vidare til årsmøtet. Diskuterte lønnsstatistikk. Desse er tilgjengeleg på NJ sine heimesider. Heyerdahl synte fram heimesidene til NJ, og verktya som klubbane kan nytte seg av.

 

Vårsamling 2003

26.-27. april på Turtagrø i Sogn. Hadde eit variert program med ulike tema. Litt over 30 journalistar stilte. Hovudtemaet var i utgangspunktet miljøvern/kraftprisar, på grunn av dei høge kraftprisane og mediadekkinga av krisa. Godt panel med mellom anna stortingsrepresentant Heidi Grande Røys (SV), Ola Berge Dregni, Harry Mowatt, Svein Hove (Hydro) og Rigmor Solem. Hadde også kommentarjournalistikk som tema. Her var det Rolf Sanne Gundersen som hadde eit godt innlegg.

Irak-krigen var også eit heitt tema, og vi fekk dermed Fredrik Græsvik (TV2) til å vere saman med oss heile helga. Han heldt innlegg og snakka mykje med journalistane. Søndagen var det tid for å knyte kontaktar, gå turar og pleie vennskap. Ole Berge Dregni sitt foredrag om hotellet, nasjonalparken og media var også eit høgdepunkt.

 

Økonomi 2002/2003

Styret har hatt god styring på økonomien, og ikkje gått på nokon smell på nokon av arrangementa. Det er NJ sentralt nøgde med. Økonomisystema har variert svært mykje, og det har difor vore alt anna enn enkelt å forhalde seg til økonomien. Det har vore skiftande rekneskapsår, og dei økonomiske rapporteringssystema har endra seg fleire gonger i perioden. Likevel har styret hatt kontroll over løpande utgifter og inntekter. På grunn av fin økonomikontroll vil truleg SFJ få styrka eigenkapitalen med noko av det overskytande av pengane som ikkje vart nytta dei tre siste månadene i 2002. Årsresultatet til journalistlaget var 7223,07 kroner. Dette vert ført over på eigenkapitalkontoen.

 

Bratte Bakkar

Har kome jamleg ut i førekant og etterkant av journalistlaget sine arrangement. Kom ut etter Hauststormen og etter tillitsrådet i desember. Kom ut i førekant av Turtagrø. Kom ut i etterkant av Turtagrø saman med innkalling til årsmøtet. Har hatt reportasjar som har vore særskilt interessante frå samlingane vore. Vore eit organ for informasjon om stipendordningar og søknadsfristar. Har hatt presentasjon Ole Johannes Øvretveit, og Hilde Genberg og Jarle Varpe har hatt pennen upåhalden i handa.  

 

Styremøte

Det har vore halde svært mange styremøte i perioden. Dei fleste har vore per telefon, noko som har fått ned kostnadene i styrearbeidet. Styret får løyvd 10.000 kroner kvart år til styrehonorar. Dette har laget valt å dele likt på dei fire styremedlemmane.

 

Aktivitet

I perioden har vi avhalde Hauststormen (samstundes med årsmøtet 2002), tillitsråd2 (haust) i Florø, tillitsråd1 (vår) på Turtagrø og vårseminar på Turtagrø.

 

Landsmøtet

Jon H. Sørland og Frode Søreide reiste på landsmøte i Sandefjord. Geir Arne Solheim vart sjuk, men ingen vara kunne stille. Det var eit interessant landsmøte

 

Heimesider

Det har vore ei fornying av heimesidene til SFJ. Vi er no i same drakt som resten av organisasjonen. Frode Søreide og styret tek over utlegging av stoff etter Arild Nybø, etter ein overgangsperiode. I framtida vil laget nytte heimesida i større grad, med tanke på informasjon ut til alle medlemmene.

 

E-postkontakt

Styret har hatt grei kontakt med klubbane via e-post. Bruk av Newsletters har vore godt motteke, og vi meiner at alle medlemmene har fått informasjonen vidare frå klubbleiarane.

 

Hauststormen

For andre gong arrangerte Sogn og Fjordane Journalistlag Hauststormen, saman med Bergen og Haugesund Journalistlag, og også i 2002 vart dette ein suksess med mange interessante innlegg. Det var kring 70 journalistar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til stades på seminaret. Arrangørkomiteen var samansett av Jon H. Sørland, Astrid Dalehaug Norheim og Rosa Villalobos. Ole Torp fortalde om 11. september 2001, foreldra til fetteren til Birgitte Tengs fortalde sin historie, Bjørn Tvedte-Berger haldt eit interessant innslag om Kripos sine avhøyrsmetodar og Lars Sigurd Sunnanå braka saman med Dagen-redaktør Sverre Hove om Midtausten konflikten. Sunnanå braka også saman med Henrik Færevåg om flykrasj-journalistikken. Anne-Mari Aalberg fortalde om å gå frå å vere journalist til redaktør, saman med Magnhild Gjengedal. Bård Espen Hansen fortalde om korleis VG-journalistane er fotsoldatar meir enn journalistar somme tider. Dette var berre noko av det deltakarane fekk med seg på den stormfulle helga, som fagleg og økonomisk gjekk strålande.

 

Pressepris og fotopris

På Turtagrø 26. april 2003 vart det delt ut pressepris. I år var det Arild Nybø og Ottar Starheim som fekk prisen for sitt arbeid med fylkesleksikonet. Juryen bestod av Liv Henjum, Atle Hellevik og Steinar Lægreid. Den same juryen avgjorde også kven som skulle få fotoprisen. Den heldige vart Arne Stubhaug med sitt bilete av ein misjonær frå Jehovas Vitne. Anna Wuttudal fekk samstundes heiderleg omtale for biletet Over Brekka.

 

Aldenstipend

Det vart delt ut Aldenstipend under middagen på Hauststormen første helga i oktober 2002. Aldenstipendet gjekk i fjor til Harald Bratland Karlsen og Oskar Andersen for sitt prosjekt "Tusenårskysset", Kenneth Ø. Monsen for Englandstur til gamle fotballheltar, Odd L. Drabløs for "utflaggingssjuka" og Geir Arne Solheim for å følgje ein lokal idrettsmann på stemne utanfor heimtraktene.

 

Organisasjonssekretær

Geir Arne Solheim har fungert som organisasjonssekretær i denne perioden. Journalistlaget sitt kontor har vore i Deknepollen. Solheim sit i styret som sekretær og kasserer. Ordninga er finansiert av Alden-midlane. I år har Journalistlaget skaffa eige ISDN-telefonapparat og abonnement med nummer 57851390 i Deknepollen. Berre abonnementet er blitt dekka av Journalistlaget i år, ikkje teljarsteg.

 

Haustseminar om offentligheitslova

 

Reaksjonar frå journalistlaget:

Brevet til A-pressen

Styret i Sogn og Fjordane Journalistlag sende brev til A-Preesen, vedrørande tilsettinga av ny redaktør i Firda. Styret påpeika at når media jobbar for større openheit i samfunnet, er det uhøyrt at ei mediabedrift skal legge lok på ei slik sak. Styret oppmoda om å ta med redaksjonsklubben i Firda på råd i saka.

 

Brevet til NRK

Sogn og Fjordane Journalistlag protesterte på det sterkaste mot at NRK Sogn og Fjordane skulle svekkast gjennom ei samanslåing med eit anna fylkeskontor. NRK Sogn og Fjordane er ein del av identiteten til fylket, og står i ei særstilling når det gjeld å rekke ut til alle innbyggjarane. NRK Sogn og Fjordane er også viktig med tanke på bevaring av nynorsken, og journalistlaget meiner NRK Sogn og Fjordane bør verte Nynorsk kompetansesenter.

 

Årboka

Også i år har journalistane i Sogn og Fjordane levert meteriell til Årboka for Sogn og Fjordane, redigert av Alden Forlag. Dette gjev laget 70.000 kroner i årlege inntekter som skal gå til sekretærstilling og Aldenstipend. Denne summen skal aukast opp dei komande åra.

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING