Øvrebotten gir seg

(23.02.04) Magni Øvrebotten gir seg som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Ho har søkt på jobben som leiar for Nynorsk Mediesenter. Om ho ikkje får den jobben, vil ho likevel gi seg som distriktsredaktør. Øvrebotten har vore med i leiinga i NRK Sogn og Fjordane i 19 år og kjempa hardt mot sentraliseringa i NRK.

Nynorsk Mediesenter skal etter planen vere i drift frå i sommar. I tillegg til ein leiar skal det tilsettast tre personar i Nynorsk Mediesenter. Senter si hovudmålsetjing er å rekruttere journalistar som nyttar nynorsk i norsk presse.

Vedtaket om å opprette eit Nynorsk Mediesenter i Sogn og Fjordane blir sett på som redninga for at kontoret i Førde overlevde som sjølvstendig kontor i fjor.

Øvrebotten har vore i leiinga i NRK Sogn og Fjordane i til saman 19 år. Det betyr at det er duka for eit leiarskifte i fylkesradioen, om Øvrebotten får jobben med å leie Nynorsk Mediesenter.

Magni Øvrebotten. (Foto: NRK)

http://www.firda.no/nyhende/article885657.ece

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/3551131.html

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING