Øvrebotten ønskjer eit avbrekk før ho tek til i stillinga, og går difor av 12.mars. Ytterlegare to medarbeidarar skal rekrutterast til Nynorsk mediesenter før drifta kjem i gang
Det var NRK sitt styre som i fjor vedtok å opprette Nynorsk mediesenter i tilknyting til NRK sitt distriktskontor i Sogn og
Fjordane.
- Målet er å styrke nynorsken si stilling i NRK, og etter kvart også i andre norske medier, seier utviklingsredaktør i NRK,
Erik Berg-Hansen i ei pressemelding.
![]() |
| Dei tilsette vart orienterte av Kai Aage Pedersen like før kl. 10. Til høgre står noverande distriktsredaktør Magni Øvrebotten. (Foto: Jostein Nyføtt, NRK) |
I følgje planane skal det takast opp 8-10 praktikantar kvart år som gjennom teori og praktisk trening skal få styrka kompetanse på nynorsk eterspråk og journalistiske arbeidsmetoder. Magni Øvrebotten har vore distriktsredaktør i Sogn og Fjordane sidan 1990 og er følgjeleg den av distriktsredaktørane i NRK som har site lengst i stillinga.
Pedersen bli konstituert
Redaksjonssjef Kai Aage Pedersen blir konstituert som ny distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 15. mars fram til ny
distriktsredaktør er tilsett seinare i vår. Vaktsjef Rolf Sanne-Gundersen blir konstituert som redaksjonssjef.


