- Arrogant oppførsel

(20.05.04) Klubbleiar blant journalistane i Firdaposten, Jon Sørland, går no kraftig ut mot sin eigen redaktør Svend Arne Vee, etter utspelet til Vee om å trasse ein eventuell grafikarstreik ved å byte trykkeri, og dermed halde fram med å gje ut avis, melder NRK Sogn og Fjordane.

Klubbleiaren åtvarer Vee mot konsekvensane dette kan få etter streiken. - Viss dei ikkje tek seg i akt, og at ein fortsetter med arrogansen, så vil det bli opne sår, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Jon Sørland og dei andre organiserte journalistane i Firdaposten er allereie i streik, men redaktørane gir likevel ut avis. Det er journalistane i mot.

Vil finne anna trykkeri

Om grafikarane blir tekne ut i streik den 28. mai blir det langt vanskelegare å gje ut Firdaposten, fordi trykkeriet Firdatrykk då blir ståande stille. Men redaktør Svend Arne Vee seier han vil gjere det han kan for å få avisa prenta likevel. – Eg er ein kjøpar av trykketenester i Firdatrykk. Dersom trykkeriet stoppar opp som følgje av streik, er det mi plikt å finn ei anna løysing for Firdaposten, seier Vee til NRK Sogn og Fjordane.

Sørland går så langt at han kallar redaktøren arrogant, og seier at det skadar omdømmet til både avisa og redaktøren.

(NRK Sogn og Fjordane)



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING