| - Vi fekk udelt positive tilbakemeldingar frå publikum. Det seier journalistane Stein Jarle Aase, Birger Meland, Mari Stephansen
og Cosmin Cosma. Dei besøkte Sandane og Stryn på streiketurne i dag torsdag 1. juni. Stor for lite - Det er småleg at Bernander gjer seg så stor for så lite. Det sa ein av dei som kom bortom dei streikande NRK-journalistane i Stryn i dag. Dei skjønte godt argumentasjonen til journalistane og vart overraska over at Bernander ikkje løner dei betre. |
SMÅLEG: Folk på gata i Stryn meinte det var småleg av Bernander å gjere seg så stor for så lite. |
|
|
Sakna lokalsendingane Publikum hadde heller ikkje forståing for at Bernander køyrer sendingar på radio og tv, trass streiken. - Dei vi snakka med, meinte det naturlege ville vere at det vart stille og svart frå NRK, seier Birger Meland. Han fortel også at publikum sakna lokalsendingane frå NRK Sogn og Fjordane, og håpte dei snart kom tilbake. Reiser fylket rundt Dei streikande journalistane har turnè til mange tettstadar i Sogn og Fjordane i dag. Både Måløy, Florø, Høyanger, Førde, Lavik, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn og Sandane får besøk av streikande NRK-journalistar. |



