![]() |
Nesten to dagar etter at streiken var eit faktum, lever Bjørsvik eit hektisk liv både i og utanfor streikelokala i Torggata i Oslo sentrum. Han slår fast at motparten var steil:
-NRK-leiinga oppførte seg firkanta og var lite løysingsorientert. Dei visste at vi hadde ømme tær som dei valde å tråkke på. Som vanleg var NJ løsningsorientert, men vi vart blankt avviste, seier NRKJ-leiaren.
Akterut
Tilbodet var til slutt 11.900 kroner i generelt tillegg til alle. Med dette resultatet hadde NRK-journalistane sakka endå meir akterut i forhold til dei andre store mediebedriftene.
- Målet vårt er å få auka grunnløna til alle våre medlemmer i NRK. Difor har vi krevd eit generelt tillegg på 16.000 kroner til alle. Det er uanstendig at suksess-bedrifta NRK lar journalistane sine visne på 43. plassen på lønsstatistikken. Det er heilt utruleg at Bernander trur vi finn oss i det lenger, seier Bjørsvik. Han meiner leiiinga også har lagt inn forskjellige tillegg som hamnar rett i lomma på sjefane.
Eit mønster
Bjørsvik seier måten leiinga handlar på føyer seg inn i eit mønster som har utvikla seg dei siste åra, der fagforeininga får mindre og mindre å seie, og dei tilsette vert reduserte til brikker. I forhandlingane før meklinga ønskte NRK-leiinga også å endre teksten i avtaleverket, for å svekke permisjonsrettane og endre reglane for personlege tillegg.
- NRK ønskte reglar som i alle fall i teorien kunne føre til at ein person ville få heile potten for personlege tillegg i
ein redaksjon. Dette er døme på at dei vil svekke rettane som har kome i stand og det fortel noko om korleis NRK oppfører
seg som arbeidsgjevar.


