Av Frode Søreide
Hovudtema på tillitsrådsmøtet var dopingavsløringane i Riktets Tilstand på TV2. Anders Felde representerte skikrinsen i fylket. Vektløftaren Stian Grimseth var invitert for å fortelje korleis han opplevde mediekøyret etter den positive dopingprøva under OL i Sydney, medan redaktør i Firdaposten, Jan Atle Stang, såg saka med redaktørtauge.
Felde peika på at skikrinsen var ein sterk organisasjon, og at dopingskuldingane som kom fram under Rikets Tilstand på TV2 hadde lite å seie for organisasjonen lokalt. Han sa samstundes at det var viktig med eit kritisk blikk på idrettsmiljøet, og at dette stort sett var fråverande i lokalpressa her i fylket.
- Det er nesten umogeleg å kome til med kritiske røyster i sportsredaksjonane, påpeika han. Synet om eit meir kritisk fokus på idrettsmiljøet vart støtta av Grimseth, som mellom anna sa at treningssentra i fylket langt frå var frie for preparat og at dette var noko media burde ta tak i.
Han la vidare til at det var store skilnadar på kva som var akseptert i dei ulike miljøa.
- Fotballmiljøet i Førde har like store ressursar som vektløftarforbundet har sentralt. Likevel er det heilt greitt at fotballspelarar drikk øl både kvelden før og etter fotballkampar. Det hadde ikkje vorte akseptert i vektløftarmiljøet, sa Grimseth.
Jan Atle Stang i Firdaposten sa seg samd i at idrettsmiljøet fekk få kritiske spørsmål. Han meinte vidare at lokalpressa hadde vore ?for snille? i dekninga av Grimseth. Klubbleiar i Firda, Olav Øygard, stilte spørsmål til Grimseth om det var for tette band mellom han og sportsredaksjonen i Firda, og om kanskje det kunne vere ei forklaring?
- Eg opplever journalistane i Oslo-pressa som meir pågåande på det området. Dei prøver svært ofte og få eit vennskapeleg forhold til oss utøvarane, svarte Grimseth.