- Vi har vore i NRK like lenge som mange av dykk har levd.
Dei har vore venninner, kollega og NRK tilsett i ei årrekkje. Kari Werner Øfsti som sjef i over 30 år og Wenche Dager som reporter i Dagsrevyen. Når NRKJ set livsfasepolitikk på dagsorden, er det få andre som kan seie like mykje om tema.
Kari Werner Øfsti (66) slutta nyleg som direktør for NRK kringkasting, medan Wenche Dager (69) enno har eit par månadar igjen før ho vert pensjonist. Difor var dei to invitert av NRKJ årsmøte til å snakke om seniorpolitikk.
Manglar policy
Verken Øfsti eller Dager hadde mykje ros å kome med når det gjeld NRK si eldesatsing. Som tidlegare direktør meinte Øfsti
at ting ligg på bordet, men at sjefar ikkje brukar sjansen ein har.
- Tenk alternativt og sats på variasjon. Kvifor skal ein sitje i same stol i alle år, når NRK har så mange redaksjonar der folk kan få forandring? Kanskje er det ein ide å slå saman ulike avdelingar der det blir mange ulike oppgåver ein kan variere i mellom?
- For meg er seniorpolitikk like viktig som merkevaren NRK. Difor må ein vere villig til å satse, sa Øfsti då ho utfordra
NRKJ forsamlinga til å tenkje nytt.
- De har no fått igjennom kravet om ein personaldirektør som sit rundt sjefsbordet. Bruk henne aktivt.
Som tidlegare sjef trur og Kari Werner Øfsti at NRK må gjeve dei eldre nye verkemidlar i framtida. Reduksjon i tempo, meir fritid og hjelp på tunge produksjonar var forslag ho kom med.
- Dessutan treng vi klare målsettingar, som alle i NRK må vere kjend med.
Eldre og vakre
For Wenche Dager handlar eldesatsinga like mykje om å bli synleggjort.
- Det er ofte unge som alltid skal sitje i programleiarstolen. Unntaket er kanskje Geir Heljesen. Vi veit vi kan visst vi vil, utfordra Dager. – Dessutan er det å bli eldre basert på myter og haldningar. Vi vil ikkje vere gamle og grå, då treng ein heller ikkje tenkje slik.
Løna var og eit tema Dager gjerne ville trekkje fram.
- Det er ei skam at lønsstigen sluttar etter 25 år. Kva med dei som har vore her i 30 eller 40 år då? Eg kjenner folk som ikkje har fått eit einaste tillegg på 15 år, det er ei skam.
FOTO: Therese G Pisani

