- Det er klart at dette er dramatisk og veldig synd for journalistlaget. Det seier ein bekymra leiar i Sogn og Fjordane journalistlag, Stian Sjursen.
| Aldenstipendet I år får journalistlaget 100.000 kroner frå Alden forlag for at dei får nytte bilete som våre medlemmer har tatt. - Når denne summen forsvinn, vil vi miste ei fantastisk stipendordning og viktige pengar til ein eigen sekretær, seier Sjursen. Les artikkel om årboka som forsvinn her: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article3330341.ece |
Det er Henning Rivedal og Atle Hellevik som har stått bak boka, som dei har gjeve ut 15 gonger når dei no gir seg. I bøkene har dei oppsummert året som gjekk i Sogn og Fjordane. Til dette har dei to brukt bilete som journalistar og fotografer i media i fylket har tatt. Som vederlag har journalistlaget fått pengar til Aldenstipendet og til å betale ein sekretær.
- Vi er eit lite lokallag med avgrensa økonomi. Det er klart vi vil merke at vi no mister 100.000 kroner årleg, seier fylkesleiar Sjursen.
Blir diskutert i Balestrand
Han vil ta opp saka med journalistane i fylket på det kommande vårseminaret i Balestrand i april.
- Det beste hadde jo vore om nokon andre ville gi ut ei slik bok. Men det er alt for tidleg å seie om noko slikt er aktuellt, seier Sjursen.

