Kulturkirken Jakob: fredag 2. juni KL 1300
Leif-Kjartan Bjørsvik:

"Kjære streikande kollegaer!
Vi har no streika i 46 timar, snart to døgn.
Det har vore ein knallstart på streiken. Vi har opplevd ein voldsom trøkk frå dåkke, og vi har hatt så mange og gode oppslag
i media at leiarar i NRK har sagt at vi gjer ein farleg god informasjonsjobb.
Men ikkje minst, folkens:
Vi har vist NRK at vi kan bruke makt når vi meiner alvor. For vi meiner alvor, med gode grunnar.
Aftenposten har ringt Trygve Hegnar for å få ei kvalifisert meining om lønskampen i NRK. Lurt tenkt, for Hegnar veit jo det
som er verdt å vite om konkurranse.
Oppslaget i Aftenposten i dag er Hegnar som slår fast at NRK aldri vil kunne konkurrere med TV2 på løn.
Nei, det er det vel heller ingen som har inbilt seg? I alle fall har ikkje vi fantasert om å banke ein kommers-kanal med mindre
enn 300 journalistar, på løn.
Vi har fremja realistiske krav. NRK er ei lisensfinansiert mediebedrift med meir enn 1500 NJ-organiserte tilsette, og skal
vi slå våre gode kollegaer i TV2 på noko, er det på lufta - ikkje på løna.
Målet vårt er å få auka grunnløna til alle våre medlemer i NRK. Difor har vi krevd eit generelt tillegg på 16.000 kroner til
alle! Det er uanstendig at suksess-bedrifta NRK lar journalistane sine visne på 43. plassen på lønsstatistikken. Det er heilt
utruleg at Bernander trur vi finn oss i det lenger!
NRK meiner dei har gitt oss eit strålande tilbod, fordi totalramma er på 16.000 i snitt. Tilbodet er eit sminka lik. For NRK
vil bruke 4 milionar av ramma til personlege tillegg etter eige forgodtbefinnande.
Dei har også lagt inn ymse tillegg som hamnar i lomma på sjefane.
Dette er langt frå å innfri kravet vårt om meir løn til alle.
Det andre kravet som dei blankt avslår er også betegnande for det synet som NRK-leiinga har på sin tilsette.
Dei unnar oss ikkje ein gong eit par ekstra fridagar. Sjølv om Johnny veit at vi har redaksjonar der arbeidsbelastinga er
så hard, turnusane så slitsame og ulempevaktene så mange – at journalistar går ned for telling og blir sjukmelde.
Johnny veit at folk jobbar seg sjuke i bedrifta hans. Han veit at andre mediebedrifter gir ei ekstra friveke til dei som har
jobba meir enn 10 år. Likevel unnar han oss ikkje to ekstra fridagar neste år.
To små fridagar som - i motsetnad til pengar – har like mykje verdi for oss om 10 år.
Kollegaer. Frå første time har NRK gjort sitt beste for å auke konfliktnivået i denne streiken. Ved å beordre leiarar og uorganiserte
til å sende nyheiter, reprisestoff, Nitimen og andre høgprofilerte program. Ikkje nok med at dei gir blaffen i sine tilsette,
dei bryr seg heller ikkje om kva dei serverer publikum når dei set amatørar framfor mikrofonen i Dagsnytt.
Men det verste vi har opplevd i denne streiken så langt, er likevel det middelet Johnny Bernander no tar i bruk. Han vil nemleg
låse inn feriepengane våre, og nektar oss utbetaling i juni – slik vanleg praksis er. Det er våre pengar, som vi har tjent
opp. Johnny gjer dette for å straffe oss i ei heilt lovleg arbeidskonflikt, og for å tvinge oss tilbake på jobb.
Han trur han skal skape frykt og splid. Det einaste han han oppnår er å gjere oss forbanna.
Og nok ein gong gir han blaffen i korleis andre mediebedrifter oppfører seg mot tilsette. For i avisene har dei det svart
på kvitt i denne protokollen frå MBL at feriepengane skal betalast i juni sjølv om det er streik.
Dette seier sitt, gode kollegaer, om korleis Bernander ser på sine tilsette. Han veit at vi har lite nok pengar frå før, så
vil han nekte oss feriepengane! Dette er småleg og skurkeaktig, Johnny.
Dette er eitt døme på kva vi har å stri med, og då forstår vi at vi må vere budde på ein lang streik, ein streik der alt ser
ut til å vere tillat.
For vi har altså med ein Kringkastingssjef å gjere som etter eige utsagn ikkje ein gong toler å tape i Monopol utan at han
må gå seg ein lang tur.
Johnny, bruk pinsahelga til å gå lange turar. Kom tilbake med feriepengane våre, meir løn til alle og meir fri til alle.
Det er våre pengar, det er vår lønskamp. Og den kampen blir noko heilt anna enn eit slag Monopol."

