Undergrev streiken
Hjelmeland meiner slike haldningar er med på å undergrave spelereglane ved konfliktar i arbeidslivet, og han er ikkje i tvil om at dette er å sjå på som streikebryteri, melder NRK Sogn og Fjordane.– Dersom ein flytter ei tinga kontrakt for å unngå ei lovleg konflikt så undergrev ein streiken, og då er det streikebryteri, seier LO-sekretæren, som oppfordrar alle til å besinne seg og halde spelereglane.
Plikt
– Eg er ein kjøpar av trykketenester i Firdatrykk. Dersom trykkeriet stoppar opp som følgje av streik, er det mi plikt å finn ei anna løysing for Firdaposten, seier Vee.Utidig
Men redaktøren treng ikkje å banke på døra til Husabø prenteverk på Leikanger. For tillitsvald blant grafikarane, Odd Magne
Grinde, tykkjer planane til Vee er utidige.
– Har vi streik, så har vi streik. Det er ikkje aktuelt å trykke Firdaposten hjå oss. Det er både dei tilsette og leiinga
samde om, seier Grinde.
(NRK Sogn og Fjordane)

