- Ville ikkje forhandle

(06.06.06) - Mandag ettermiddag kom det eit nytt tilbod frå NRK. Tilbodet var et godt utgangspunkt for å forhandle om krava våre. Men Bernander ville ikkje forhandle. Han ville tvinge oss. Derfor held streiken fram, konkluderte Leif-Kjartan Bjørsvik på streikemøtet i Oslo 6. juni.

Leif-Kjartan Bjørsviks appell til streikemøtet tirsdag 6. juni i Kulturkirken Jakob:

Kjære kollegaer,

Vi har streika i seks dagar. Vi har streika for høgare løn til alle, meir fritid til alle – og vi har streika for at NRK ikkje skal rasere dei rettigheitene vi har slåss i årevis for å få til.

I løpet av desse seks dagane med streik har mange, både blant pubikum og kollegaer i bransjen, sagt at dei forstår lønskampen vår. Fordi dei har fått vite noko dei ikkje var klar over: At journalistane i NRK ligg på 43. plass på lønsstatistikken for landets mediebedrifter. 

Og mange har uttrykt undring, mildt sagt, over måten NRK-leiinga har handtert denne konflikten på.

Eg håpar mange av dykk har brukt pinsehelga til å puste ut etter dei første travle dagane med streik. Og eg håpar de har samla rikeleg med krefter til nye slag.

For det kjem vi til å trenge. Nye slag kjem til å kome.

I pinsehelga har det vore kontakt mellom NJ sitt forhandlingsutval og leiinga i NRK.

Fordi vi opptrer ansvarleg, fordi vi er konstruktive, og fordi vi ikkje streikar for streiken sin del, sørga vi for at det vart oppretta kontakt. 

I går ettermiddag kom det på bordet eit tilbod frå NRK. Vi vurderte det, og konkluderte med at det var eit bra utgangspunkt for å forhandle om krava våre: Om meir løn, meir fritid – og om rettane i avtaleverket vårt. 

Ved første augekast såg det bra ut. NRK la meir pengar på bordet, og var på gli på vårt viktigaste punkt: Auke av det generelle tillegget. 

Etter ein lang dag med samtaler og drøftingar, ringde eg i går kveld til Kringkastingssjefen. Eg ringde for å spørre  om han var villeg til å forhandle om det tilbodet han hadde lagt på bordet.

Svaret frå John G. Bernander  var nei. 

I forhandlingsutalet trudde vi ikkje det vi høyrde. At det var slik at sjefen til 3500 tilsette i landets viktigaste mediebedrift ikkje var villeg til å forhandle med den største fagforeininga etter seks dagar med streik.

Difor ringde eg oppatt til Kringkastingssjefen, og stilte spørsmålet på nytt. Hadde eg oppfatta han rett? Var han verkeleg ikkje villeg til å forhandle?

Svaret frå John G. Bernander var ikkje til å misforstå. Svaret var nei. 

Han ville ikkje forhandle. Han ville tvinge oss. Han ville diktere. Nok ein gong gav han oss eit ultimatum.

Då var det ikkje anna å gjere enn å gi han beskjed om at streiken held fram.

Denne streiken må halde fram, fordi vi ikkje kan finne oss i å bli dikterte av ein sjef som ikkje forstår forskjellen på diktat og forhandlingar. Av ein sjef som ikkje klarer å skille mellom kontraktsforhandlingar med leverandørar i næringslivet, og forhandlingar mellom likeverdige partar i arbeidslivet.

Gårsdagen føyer seg inn i ei rekke av døme på manglande respekt for dei tilsette. For heller ikkje då vi sat hos Meklingsmannen i forrige veke dreiv NRK med reelle forhandlingar. 

NRK-delegasjonen var nemleg meir opptatt av å skrive dispensasjonssøknader enn å dra oppgjeret i havn. Vi hadde ikkje ein gong fått eit pengetilbod på bordet, før NRK-leiinga kom med ein bunke disp-søknader.

Mellom anna søkte dei om å få sende Dagsnytt-bulletinar, og argumentet var fare for fugleinfluensa.

I dag har dei på ny vist stor evne og vilje til å sette krokfot på oss forhandlarane, ved at sjefar og direktørar NRK går rundt og sprer rykte om drøftingar. Trur sladrehankane dei gjer det lettare å få slutt til ei løysing?

Denne streiken må halde fram til Johnny Bernander ein gong for alle forstår alvoret i situasjonen, styrken i krava våre – og at når 1500 NRK-journalistar går ut i streik, så er det fordi vi har ein grunn til det.

For det er altså ikkje slik at vi brukar veker på å forhandle, mekle  og streike for at Kringkastingssjefen så skal sette ein pistol mot hovudet på oss og tvinge oss tilbake på jobb. 

Hvis det var slik, gode kollegaer, kunne vi ha lagt ned Norsk Journalistlag i morgon. Vi kunne ha begravd streikevåpenet for evig tid. Og vi kunne ha gløymt alt som heiter lønskamp i NRK for mange år framover.

Arbeidsgjevaren NRK og fagforeininga Norsk Journalistlag er to likeverdige partar, som skal kome til semje gjennom forhandlingar. 

Johnny Bernander har ikkje forstått kva likeverdig betyr. Han har heller ikkje forstått at ingen kan forhandle med pistolen mot hovudet. I alle fall gjer ikkje journalistane i NRK det.

God streik!

Leif-Kjartan Bjørsvik



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING