-Utakk er verdas løn

(23.10.07) Kasserar Geir Arne Solheim fekk mykje ufortent pepar på årsmøtet i SFJ. At rekneskapen ikkje vart lagt fram må heile det avtroppande styret med leiar Jon Sørland i spissen ta ansvaret for. Det skriv Marit Bendz i dette innlegget.



Når det gjeld revisjonsrapporten var det ingen merknader om manglande bilag, slik det vart hevda. At driftsrekneskapen vert ført sentralt i Oslo gjer at utfyllande opplysningar om kvar enkelt post ikkje kjem fram i sjølve rekneskapen som revisorane har fått til gjennomsyn. Dette gjeld til dømes vin som vart kjøpt inn til vårseminaret og konsumert av omtrent alle som var til stades (om ein ser bort frå fråhaldsmannen Geir Arne Solheim). Underteikna, med ansvar for innkjøp av alkoholhaldige varer, kan dessutan fortelje at rekninga frå Vinmonopolet i samband med siste årsmøte vert atskillig større....

 

Etter to år i styret har eg sett kor mykje arbeid Geir har lagt ned i jobben som kasserar og sekretær, korleis han har klart å få maksimale midlar til laget frå NJ og eg vil sjå den SFJ-medlemen som klarer å gjere han det etter. Honoraret han mottek for denne jobben er ingenting å misunne han - det vert ei stussleg timeløn.

 

Eg beklagar at eg ikkje fekk sagt dette på sjølve årsmøtet, men har i ettertid tenkt at det var svært pinleg og pinglete av oss andre å la Geir stå att som syndebukk for noko både Jon, Stian, Geir og eg må ta felles ansvar for. Særleg når Geir har gjort ein så god og samvitsfull jobb.

 

Kanskje er det enkelte andre røyster i salen som også har noko å kome med i etterkant?

 

Marit Bendz, avgått styremedlem i Sogn og Fjordane Journalistlag



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING