12. mars: Tillitsråd

Referat fra tillitsråd i Bergen Journalistlag 16. mars på Grand Hotel Terminus

Dei som var med: BJ-leiar Maj-Britt Dahl, NJ-leiar Elin Floberghagen, Åsne Haugli (NJ), Hermod Hove (BA), Dagrun Stokke (Nordhordland), Hilde Kristin Strand (Askøyværingen), Ronny Berthelsen (Bygdanytt), Karstein Sæverås (Vestnytt), Linda Eide (Strilen), Lene Bjånesøy Engh (Fanaposten), Steinar Heggen (DagenMagazinet) og Sigbjørn Linga (Hordaland Folkeblad)

  • Saker:

Maj-Britt Dahl gjorde greie for det nye BJ-styret sitt virke så langt og planane framover.
Dei som tok ordet: Dagrun Stokke, Ronny Berthelsen og Sigbjørn Linga.

Elin Floberghagen gjorde greie for mediestøttearbeidet i NJ, knytt til eit utval ho er medlem i. Utvalet jobbar med framlegg til ei mediestøtteordning for åra som kjem.
Dei som tok ordet: Steinar Heggen, Lene Bjånesøy Engh, Hermod Hove, Maj-Britt Dahl, Hilde Kristin Strand, Ronny Berthelsen og Karstein Sæverås.

  • Klubbrunde:

Fleire klubbleiarar rapporterte om misnøye med fastlønna, mykje overtid enkelte stader og ønsker om å stilla klare krav i årets oppgjør. Nokre lokalaviser har enno ikkje fått pengane sine etter stoffutvekslinga i LokalLokal-regi. Positivt: Godt samarbeid mellom klubbar frå mindre aviser.

Referent: Karstein Sæverås

 

 

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING