14 på rekneskapskurs

(29.04.05) Responsen er god etter at Sogn og Fjordane Journalistlag arrangerte kveldskurs i næringslivsjournalistikk.

Jan Flølo i Pricewaterhouse Coopers underviste om lesing av rekneskap og Ivar Longvastøl (Firda) fortalte om korleis ein kan nytta kunnskapen i praksis.

Deltakarane hadde i utgangspunktet heilt ulik bakgrunn i tolking av rekneskap, men det vart likevel ein god debatt som ein får håpa var til nytte for alle.

Sogn og Fjordane Journalistlag har som mål å gi medlemene eit kompetanseløftande tilbod. Til hausten håper me å koma tilbake til eit kurstilbod i Nordfjord i tillegg til våre ordinære arrangement.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING