Protokoll frå årsmøtet i Møre og Romsdal journalistlag 2005
Møtet vart halde i Kristiansund 22. oktober 2005
1. Konstituering:
- Møteleiar var Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke og nestleiar i fylkesstyret.
- Innkallinga vart godkjent med akklamasjon.
- Dagsorden vart godkjent med ei lita endring i siste punkt. ”Forslag og innspel for det komande året” vart endra til ”Innspel for det komande året”.
Referentar:
Janne Brit Aasen og Odd Kristian Dahle, begge NRK Møre og Romsdal.
Tellekorps:
Marianne Følsvik, Tidens Krav og Bent Botten, Sunnmørsposten.
Redaksjonskomité:
Kaja Mejlbo, Høgskulen i Volda og Kåre Sæter, Sunnmørsposten.
Underskrift protokoll:
Vegard Vaagbø, Romsdals Budstikke og Solfrid Vartdal, Sunnmørsposten.
2. Årsmelding:
Årsmeldinga vart gått igjennom punktvis av møteleiar Svein Bjørnerem.
Etter debatt i salen vart det endring i setninga:
”Det er også redaksjonar der medlemmar konsekvent ikkje møter opp på korkje tillitsråd eller arrangement og ein må lure på om dei totalt misforstår og oppfattar NJ og MRJ som ein motpart i ei eller anna form.”
Årsmøte røysta over to forslag – enten stryke heile setninga eller stryke ein del av setninga. Med 23 mot fem røyster vart følgande setning vedtatt:
”Det er også redaksjonar der medlemmar konsekvent ikkje møter opp på korkje tillitsråd eller arrangement.”
Sidan dette vart første røystinga vart det reist spørsmål kring kor mange delegatar Voldastudentane stilte med.
Studentane vert kollektivt utmelde av NJ 31. august. Dette er også datoen for årsmøteperioden der rekneskapet vert gjort opp. Årsmeldinga la til grunn talet på studentar per 21. september, som er langt lågare.
Etter ein lengre debatt vart følgande forslag frå Marit Heiene, Romsdals Budstikke, samrøystes vedtatt:
”Medlemstalet per 31. august skal vere gjeldande for talet på delegatar. Styret skal vidare sjekke praksis med NJ på dette punktet innan neste årsmøte.”
Etter dette vart det klart at studentane hadde 11 delegatar og årsmøtet hadde samla 33 røysteføre.
Med endringane som er gjengitt over vart årsmeldinga godkjent.
3. Rekneskap:
Rekneskapet vart gjennomgått av Bjørn Steinar Skarbø. Revisor Marit Heiene gjekk gjennom revisorfråsegna der det vert peika på at enkelte utgiftspostar burde vore spesifisert, særleg store restaurantrekningar.
Rekneskapet vart deretter samrøystes godkjent.
4. Prisar som MRJ deler ut:
Møteleiar og nestleiar Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke, gjekk gjennom oppfølginga etter sist årsmøte, der det vart vedtatt å vurdere prisane som MRJ deler ut. Det er prisen ”Gromungen” som har ført til debatt. Dei to andre ”Journalistprisen” og ”Melvindprisen” har vore uproblematiske.
Utvalet som er nedsett av styret og leia av Svein Bjørnerem, la fram forslag til ein ny pris som skulle erstatte ”Gromungen”. Den nye prisen har arbeidstittelen ”Varsleren”. Det vart opna for debatt og årsmøtet vart bedt om først å avgjere om ein skulle avvikle ”Gromungen” eller ikkje.
Årsmøtet var klar og ga si samrøystes tilslutning til at prisen ”Gromungen” skulle opphøyre.
Så vart det opna for debatt om MRJ skal dele ut den ”nye” prisen. Den prinsipielle debatten gjekk på kor vidt ei fagforeining skal dele ut ein ekstern pris. Vidare var det ein debatt om dette er den rette og beste måten å profilere organisasjonen på.
Kort gjennomgang av hovudpunkta i debatten:
Odd Kristian Dahle, NRK, reiste spørsmål kring kvifor MRJ i det heile skal dele ut ein ekstern pris. Ifølgje Dahle er dette feil og ingen god måte for å profilere organisasjon. MRJ bør heller aktivt bruke fråsegner i aktuelle saker.
Kåre Sæter, Sunnmørsposten, supplerte med at dei prinsipielle spørsmåla kring "Gromungen" også bør ligge til grunn ved ein evt. ny pris.
Jan Petter Albertsen, Sunnmørsposten, sa at den nye prisen går til nokon som "vågar å stå fram" og at ein slik pris gir signal til samfunnet rundt oss.
Per Kåre Tveeikrem, Romsdals Budstikke, sa at grunnlaget for prisen blir for snevert og at det vil vere vanskeleg å finne kandidatar og at vi difor kan kome i same situasjon som "Gromungeprisen".
Solfrid Vartdal, Sunnmørsposten, peikte på at journalistar skal vere ugilde og at ein ny pris vil svekke truverdet ved at vi tek stilling i enkeltsaker.
Marit Heiene, Romsdals Budstikke, sa at prisen må vurderast kvart år og at det må vere gode kandidatar for at prisen skal delast ut. Ho peikte vidare på at journalistar ikkje er nøytrale og kan flagge synspunkt. Dette handlar om ytringsfridomen, hevda Heiene.
Olav Skjeggstad, Romsdals Budstikke, sa at han frykta at prisen ikkje vil stimulere dei gode kjeldene.
Kaja Mejlbo, Høgskulen i Volda, ytra skepsis til ein slik pris og at ein slik pris ikkje er vegen å gå for å oppmode til å bruke ytringsretten.
Håvard Ketil Sporsheim, NRK, sa at intensjonen med prisen er god, men at dette ikkje bør institusjonaliserast. MRJ kan gi utmerkingar til dei ein vil, når ein vil, sa Sporsheim.
Kåre Sæter, Sunnmørsposten reiste følgande forslag:
”Saka utsettast til årsmøtet 2006 og sendast til redaksjonane for vidare debatt”
Forslaget vart vedtatt med 17 mot 16 røyster.
5. Val:
Kjell Ove Holsbøvåg, Aura Avis la fram valkomiteen si innstilling. I denne innstillinga var det forslag på å velje inn eit styremedlem som enno ikkje er medlem i NJ, men som har planar om gjere det med det første.
Etter ein kort debatt vart det røysta over om dette var i orden.
Årsmøtet svarte med eit klart ja, med 32 mot ei røyst.
Styret vart deretter valt person for person etter valkomiteen si innstilling.
Leiar:
Bjørn Steinar Skarbø, attvalt som leiar.
Styremedlmemmer:
Svein Bjørnerem, attvalt.
Petter Sandvik, Sunmørsposten, tek over for Kristin Knudsen.
Bjørg Elin Sæterbø, attvalt.
Ingeborg Scheve, Aura Avis, tek over for Stein Arne Lilleøy
Janne Brit Aasen, NRK (ikkje på val)
Odd Kristian Dahle, NRK (ikkje på val)
Vararepresentantar:
1. Ein representant frå Høgskulen i Volda (fast møtande).
2. Arnfinn Mauren, Aftenposten, attval.
3. Ingrid C. Ellevset, tek over etter Anita Vingen, Romsdals Budstikke.
4. Arne Rovick, VG, attval.
5. Trond Hustad, Romsdals Budstikke, attval.
Revisorar:
Marit Heiene, Romsdals Budstikke.
Bjørg Irene Hovde, Romsdals Budstikke, tek over etter Gunnar Sandvik.
Valkomité:
Redaksjonskomiteen la fram sitt forslag til ny valkomité.
Synnøve Hole, NRK, og Marianne Følsvik, Tidens Krav.
Kristin Knudsen, Sunnmørsposten vart foreslått, men forslaget vart trekt fordi ho er vaktsjef og difor ikkje har høve til å ta på seg slike verv.
Merknad: Normalt er det tre personar i valkomiteen, men referentane har ikkje notert meir enn dei to namna som er gjengitt. Viss det likevel viser seg at det er valt ein tredjeperson, bør dette tilføyast i ettertid.
6. Innspel til året som kjem:
Håvard Ketil Sporsheim, NRK, foreslo at "krimrapporten" som er under utarbeiding av ein Volda-student blir gjort tilgjengeleg for medlemmane i MRJ.
Svein Bjørnerem svarte at denne vil bli lagt på nettsidene våre, når rapporten er ferdig.
Janne Brit Aasen Odd Kristian Dahle
Referent Referent
Vegard Vaagbø Solfrid Vartdal
Protokollsignatur Protokollsignatur

