Referat frå årsmøtet i Møre og Romsdal Journalistlag – Molde laurdag 21. oktober 2006.
Møre og Romsdal Journalistlag var samla til årsmøte i Molde laurdag 21.
oktober 2006, med påfølgjande seminar og jubileumsfest i samband med at fylkeslaget rundar 25 år.
Etter at fylkesleiar Bjørn Steinar Skarbø hadde ynskt dei frammøtte velkomne, vart Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke valt til møteleiar.
Vidare Odd Kristian Dahle, NRK og Petter Sandvik, Sunnmørsposten referentar, medan Sindre Omenås, Sunnmøringen og Leif Harberg, Tidens Krav utgjorde teljekorpset. Marit Heiene, Romsdals Budstikke og Olaug Bjørneset, NRK vart valde til redaksjonskomite. Til å skrive under møteprotokollen valde årsmøtet Mona Skjong, Sunnmørsposten og Ellen Cecilie Eriksen, medialinja ved Høgskulen i Volda.
Årsmeldinga vart ikkje lesen opp, men gått gjennom avsnittsvis med høve til å kome med merknader.
Avsnittet om økonom vart det ein del diskusjon om. Det galdt spesielt det forholdet at Norsk Journalistlag har pålagt fylkeslaget å dekkje overforbruket frå fjorårets fylkesårsmøte i Kristiansund med kr. 16.651,- ved å tilbakeføre denne summen frå eigenkapitalen. Fylkeslaget har anka denne avgjerda.
Kristin Maridal, Sunnmørsposten, sette fram følgjande forslag som vart samrøystes vedteke:
"Dersom Norsk Journalistlag ikkje godkjenner den innsende anken frå Møre og Romsdal Journalistlag, ber årsmøtet i fylkeslaget om å få tilbakeført kr. 11.145,- som var "til gode" etter vintersamlinga på Åndalsnes i mars 2006. Dette for å kompensere for "overforbruket" på i overkant av kr. 16.000,- på fylkesårsmøtet i Kristiansund i oktober 2005".
Årsmeldinga med nokre mindre merknader vart vedteken med akklamasjon.
Ingen hadde merknader til rekneskapen, som var revidert av Marit Heiene og Bjørg Irene Hovde, begge frå Romsdals Budstikke.
Årsmøtet var samd i at ein skal halde fram med dei to prisane som er att, etter at det i fjor vart vedteke å leggje ned Gromungen. Dei to prisane som vert med vidare, er Journalistprisen og Melvindprisen.
Møre og Romsdal Journalistlag var i år medarrangør av Hauststormen som vart arrangert på Voss. Denne deltakinga gjorde at fylkeslaget fekk mindre midlar frå Norsk Journalistlag til årsmøtesamlinga i Molde. Det vart ein diskusjon for og imot å vere medarrangør på slike regionale konferansar.
Det vart frå fleire hald sterkt understreka at dei fylkesvise samlingane er limet i det journalistfaglege arbeidet, men det vart samstundes sagt at deltakinga på Voss var langt meir enn ein utgiftspost for fylkeslaget. Ved å vere med på arrangørsida fekk fylkeslaget vere med på å bestemme innhaldet i konferansen.
Det vart ikkje sett fram noko forslag. Det nye styret i fylkeslaget fekk oppmoding om å ha fokus på denne problemstillinga framover. Den neste Hauststormen skal etter planen arrangerast i 2008.
Synnøve Hole, NRK la fram innstillinga frå valkomiteen. Dei som vart valde for to nye år var Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet, Odd Kristian Dahle, NRK, Siv Storløkken, Aura Avis, Olaug Bjørneset, NRK og Ingrid Ellevset, Driva. Petter Sandvik, Sunnmørsposten og Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke stod ikkje på val.
Første vararepresentant er tildelt klubbleiar ved medialinja ved Høgskolen i Volda. Mats Lillesund er klubbleiar per i dag. Andre vara Arnfinn Mauren, Aftenposten, tredje Elisabeth Solvang, Sunnmørsposten, fjerde Arne Rovick, VG og femte vara Anita Vingen, Romsdals Budstikke. Bjørn Steinar Skarbø held fram som leiar.
Revisorar:
Marit Heiene og Bjørg Irene Hovde held fram som revisorar.
Utsendingar til landsmøtet i Norsk Journalistlag vert:
Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet, Svein Bjørnerem, Romsdals Budstikke, Petter Sandvik, Sunnmørsposten, Olaug Bjørneset, NRK og ein representant frå medialinja ved Høgskulen i Volda.
Vararepresentantar til landsmøtet:
Ingrid Ellevset, Driva, Odd Kristian Dahle, NRK og Siv Storløkken, Aura Avis.
Synnøve Hole, NRK held fram i valkomiteen, og får med seg Leif Harberg, Tidens Krav og Tiril Rem, Storfjordnytt.
Alle vala var samrøystes.
25.10.06
Petter Sandvik og Odd Kristian Dahle
Referentar.

