3. november: Årsmøte

Referat fra årsmøte i Bergen Journalistlag 3. november 2009 kl. 18.30 på Hotel Terminus:

Tilstades: Arild Berg Karlsen (BT), Erlend Langeland Haugen (BT), Leif Rune Løland (NRK), Andreas Grimseth (NRK), Johannes Morland (NRK), Jan Inge Ebbesvik (NRK), Ørjan Brattetveit (Hordaland), Sigbjørn Linga (Hordaland Folkeblad), Ronny Bertelsen (Bygdanytt), Hilde Kristin Strand (Askøyværingen), Linda Eide (Strilen), Karoline Farstad Søvik (Studentlaget, UiB), Ingvild Rugland (BT), Erik Fossen (BT), Åsa Nord (Os og Fusaposten), Jan Børge Leirvik (NRK), Knut Erik Hareide (TV2), Lena Kleveland (TV2), Henrikke Helland (TV2), Renathe Nedregård (TV2) og Karstein Sæverås (Vestnytt).

1. Opning
Dagsorden og innkalling vart samrøystes godkjent. Arild Berg Karlsen blei valgt til møteleiar. Karstein Sæverås blei valgt til referent.

2. Årsmelding og aktivitetsrapport
Lena Kleveland, Henrikke Helland og Arild Berg Karlsen gjekk gjennom årsmelding og aktivitetsrapport.

Dei som tok ordet: Jan Børge Leirvik og Erik Fossen.

Jan Børge Leirvik saknar dei gode, gamle debattmøta og etterlyser BJ som eit samlingspunkt i ei krevande tid for journalistane i Bergen. Erik Fossen etterlyser eit rammeverk som sikrar tillitsvalde tid til å driva tillitsmannsarbeid.

Årsmeldinga vart samrøystes vedteken.

3. Revidert rekneskap
Lena Kleveland gjekk gjennom rekneskapen.

Dei som tok ordet: Knut Erik Hareide, Arild Berg Karlsen, Jan Børge Leirvik, Erik Fossen og Leif Rune Løland.

Rekneskapen vart samrøystes vedteken.

4. Styrehonorar
Arild Berg Karlsen kom med framlegg om å vidareføra styrehonoraret på 18.000 kroner for 2009/10. Dei som tok ordet: Lena Kleveland, Jan Børge Leirvik og Renate Nedregård. Framlegget vart samrøystes vedteke.

5. Innkomne saker
Økonomi – julebord og Gullparaplyen: Dei som tok ordet: Lena Kleveland og Jan Børge Leirvik. Sistnemnde meiner at BJ-styret bør etterlysa pengane BJ vart tildelt til prisformål, etter oppløysinga av Bergen Presseforening. Samstundes bør ein sjekka kva som skjer med fondet som vart oppretta i denne samanhengen. Lena Kleveland opplyste at NJ har innvilga støtte til mat og drikke på BJ sitt julebord/Gullparaplyen. Dette hindrar likevel ikkje at BJ sin bruk av pengar på arrangementet samt eigendelen medlemmene betalar går opp frå år til år.

6. Val
Valgkomiteen besto av Kai Svellingen Flatekvål (Vestnytt), Ingvild Rugland (BT) og Jan Børge Leirvik (NRK). Framlegget frå valkomiteen til nytt BJ-styre vart samrøystes vedteke:

  • Leiar: Maj-Britt Dahl (BT)
  • Medlem: Erlend Langeland Haugen (BT)
  • Medlem: Ronny Bertelsen (Bygdanytt)
  • Medlem: Renate Nedregård (TV2)
  • Medlem: Johannes Morland (NRK)
  • Varamedlem: Brynhild Steine (Hordaland)
  • Varamedlem: Reidun Duesund (BA)
  • Varamedlem: Lena Kleveland (TV2)
  • Varamedlem: Hilde Kristin Strand (Askøyværingen)
  • Revisorar: Knut Erik Hareide (TV2) og Trond Nygard Sture (BT)
  • Ny valkomite: Ingvild Rugland (BT), Kai Svellingen Flatekvål (Vestnytt) og Andreas Grimseth (NRK)

Referent: Karstein Sæverås

 

 

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING