50.000 til fem journalistar

(08.03.06) Fem journalistar i fylket har fått 10.000 kroner kvar i Aldenstipend. Pengane skal gå både til bokprosjekt, reportasjeturar og kompetanseheving.

Stipendpengane får journalistlaget som vederlag for salet av årboka i Sogn og Fjordane, som er redigert av Atle Hellevik og Henning Rivedal. Dette er ein del av betalinga for at dei får bruke bileta vi tek. Aldenstyret har i år betsått av Jon Sørland, Geir Arne Solheim og Stian Sjursen. Stipendet vart delt ut på Sogn og Fjordane journalistlag sitt vårseminar i Loen 4.mars 2006.

Lokale tema
-Vi har tatt omsyn til dei journalistiske måla til søkjarane, og har lagt vekt på ein viss lokal forankring i prosjekta, som alle har som mål å bidra til det journalistiske mangfaldet i fylket. Det seier jurymedlem Jon Sørland. Av dei fem vinnarane er det tre menn og to kvinner.

Magne søkjarar
Stipendstyret er i år sers godt nøgd med talet på søknader. Vi har fått inn 12 søknader, som har gjeve oss eit godt grunnlag til å fordele stipend. Mellom dei 12 søknadane var det sju menn og fem kvinner. Tre søkte om kompetanseheving, seks om reportasjeturar og tre om stønad til å realisere eit bokprosjekt.

Olav Hatlemark
Olav Hatlemark i Firdaposten, var den første som fekk Aldenstipendet. Ein humørspredar på godt over 50 – som ønskjer seg til Afrika. Målet er ikkje å finne Nilens kilde, men snarane Livets kilde. Han skal mellom anna til skulen der elevar frå Øyrane og Flora vidaregåande skule har venskapsklassar. Der skal dei hjelpe til med å bygge opp skuleinternat, ungdomshus og etablere stipendordningar til fattige elevar. Flora kommune har eit venskapssamarbeid med dette området. Journalisten skal også ta meg seg eit kritisk blikk på kommunen si rolle og pengebruk i denne type prosjekt. Artiklane frå turen vil han publisere i Firdaposten – avisa der han har jobba samanhengane sidan 1981. Vedkommande er can.mag i sosialantropologi, sosiologi og norsk.

Randi Anne Lunde
Randi Anne Lunde fekk det andre aldenstipendet. Ei ung og fager jente, med glimt i auge. Stipedet skal journaliststudenten og frilansaren bruke til å spore opp sogene til norske menn og kvinner som sat internerte på Isles og Man under andre verdskrigen. På denne øya plasserte den britiske regjeringa, såkalla fiendar og framande. Mange normenn hamna faktisk der. Sidan stipendsøkaren har fått stifta kontaktar på øya tidlegare, mykje takka vere eit aldenstipend i 2003, har ho eit grunnlag for å grave fram unik kunnskap om desse lagnadane.

Tor Yttri
Tor Yttri i Sogn Avis rettar mykje av journalistikken sin inn mot natur, klima  og naturopplevingar. Mannen ønskjer å gjere eit journalistisk paralellstudie om bre og fauna i Alpane og Sogn. Stipendvinnaren vil mellom anna sjå på kva nedsmeltinga av breane i Alpane kan ha å seie for denne type reiseliv i vårt fylke, der dette er ein sterkt veksande næring. Journalisten må difor til alpane, og fekk med seg det tredje aldenstipendet på 10.000 kroner.

Ivar Longvastøl
Ivar Longvastøl fekk det fjerde stipendet. Han er spesielt interesert i torskefiske. Ikkje med juksa, ruse, stang, harpe, dorg, not eller oter. Men i havfiskefartøy ved Grønland på 60 og 70-talet. Den gong varte turane  i 5-6 månader. Særskilt var det mange båtar frå Sunnmøre med i dette fiske, men også ein heil del båtar frå Sogn og Fjordane deltok i torskefiske ved Grønland. Det finst nesten ikkje dokumentasjon på dette fiske, men dette vil stipendvinnaren fiske opp i. Han tek utgangspunkt i fiskeribygda Vartdal på Sunnmøre – der han vaks opp. Men vil også ta med relevant stoff frå Sogn og Fjordane. Ivar Longvastøl sitt langsiktige mål er å gi ut ei bok.

Gunnhild Sindre
Det femte og siste Aldenstsipendet gjekk til Gunnhild Sindre. Ein kvinneleg journalist som lenge har planlagt ein redaksjonell rundtur i Norrøne fotefar. Der ønskjer ho å følje språkspora til forfedrene våre, og kanskje finne ut kvar Vikingane henta slavane sine. Ho vil vitje England, Skotland og kanskje også Shetland i sin søken. Målet er å lage ei eller fleire journalistiske og fotografiske saker. Stipendvinnaren er ein frilansar, busett i markane i Stryn. Også ho fekk med seg ein gild fin sjekk på 10.000 kroner frå Aldenstipendet.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING