Aalberg bør gjera eit val

(09.11.03) Fylkesleiar i Framstegspartiet Åge Starheim seier han er glad for at redaktør i Fjordabladet Anne-Mari Aalberg engasjererer seg i partiet. Sogn og Fjordane Journalistlag deler ikkje den same gleda over at ein lokalavisredaktør tek på seg eit politisk verv og flaggar ambisjonar om ein stortingsplass.

Aalberg er på kant både med pressa sin nedfelte presseetikk i «Vær varsom-plakaten» og innarbeidde normer i pressemiljøet når ho no engasjerer seg politisk. Sjølv seier redaktøren i Fjordabladet at ho ikkje trur det vil bli noko problem å skilja rollene, og at ho er ein person som ikkje ser problem, men moglegheiter.

Men det er ein gong slik at det ikkje er opp til Aalberg sjølv å avgjera si eiga truverd. Truverd er noko det tek lang tid å byggja opp og kort tid å bryta ned. I møte med samfunnet rundt seg, er det lesarane som må dømma om ein redaktør er uavhengig, og deira meining kan ikkje Aalberg styra.

 

Aalberg har ein sunn livsfilosofi når ho aldri fokuserer på problem, men ho kan likevel ikkje setje slike haldningar over ei heil yrkesgruppe sin yrkesetikk. Det er naturleg at lesarane vil stilla spørsmål om kven sine synspunkt ein politisk engasjert redaktør representerer i sine leiarartiklar, avisa eller partiet redaktøren er aktiv i. Ein slik situasjon er ingen tent med, verken avisa, dei tilsette eller redaktøren sjølv. Difor ber me Anne-Mari Aalberg respektera sine medarbeidarar i Fjordabladet og gjera eit val om det er politikar eller redaktør ho helst vil vera.

 

Fleire sentrale medieleiarar i Sogn og Fjordane har dei siste åra sett seg sjølv i ein vanskeleg situasjon gjennom på ulike måtar å koma i media sitt søkjelys for sine private verv og engasjement. Sogn og Fjordane Journalistlag ser det som merkeleg at fleire av toppleiarane i lokalavisene ikkje sjølve ser desse problemstillingane, og minnar om dei dårlege signala dei sender ut over for sine eigne tilsette.

 

Me vil ha engasjerte politikarar, idrettsleiararar og næringslivsfolk i fylket vårt og engasjerte leiarar i avisene vår, men helst ikkje i ein og same person.

 

Lars Kristian Solem

Leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING