Kvart år deler vi ut stipend til ein eller fleire av medlemmane våre som har sendt inn bidrag til årboka for Sogn og Fjordane.
Storleiken på stipendet ligg som regel kring 10.000 kroner, og vert tekne av inntektene som SFJ får frå salet av årboka. Det er styret i SFJ som har fått fullmakt til å dele ut stipendet. Alle søknadene skal grunngjevast og prosjektet skal ha eit klart journalistisk føremål.
Det er i utgangspunktet ikkje krav om at stipendet skal nyttast til ein artikkel, eit program, ei bok eller liknande. Men det er krav om at den som får stipendet nyttar det til noko som er relevant for ein journalist eller fotograf. Dei som får stipendet skal gje ein rapport til styret om kva stipendet har vore nytta til.
Føremålet kan vere hemmeleg, men berre fram til sluttrapporten er levert. Om ein ikkje nyttar stipendet, pliktar ein å betale
det attende.
Ta sjansen. Send inn ein søknad. Realiser ein draum!
Helsing styret i SFJ

