Aldenstipend til Midtbø og Sindre

(22.10.07) Det siste Aldenstipendet i 2007 går til to kvinner som lovar å grave djupt i Sogn og Fjordane. Målet er å avsløre snusk og fanteri i ein bransje som hevdar den er gullande rein. Dei planlegg mellom anna å gå laus med skjult kjeldebruk.

Dei to journalistane Oddrun Midtbø frå Sogndal og Gunnhild Sindre frå Stryn ønskjer at ideen til gravesaka skal vere hemmeleg.

Dei to seier i søknaden at dei truleg kjem til å måtte bruke anonyme intervju.

-Vi har ikkje som mål å hengje ut nokon, men rett og slett setje lys på denne skjulte sida av samfunnet her i Sogn og Fjordane. Så får vi sjå kva resultat vi ender opp med, og kva avis som vil kjøpe denne saka av to gravefrilansarar. Det er vanskeleg å seie noko om salspotensialet før saka er blitt ein realitet.

Dei 15000 kronene frå Aldenstipendet vil dei to dele mellom seg for å dekke tapt arbeidsforteneste i den tida dei driv med research.

SFJ-styret vonar dei to lukkast med oppdraget og ønskjer lykke til.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING