Skal du ha middag må du melde deg på i dag(onsdag) eller i morgon(torsdag) til geir@inmedia.no, slik at vi får klarert med hotellet. Middagen er gratis, det same er overnatting for dei som bur langt vekke og må overnatte.
Styret i SFJ har ikkje teke stilling til framlegget frå NRK-klubben, og styremedlemmene står fritt til å røyste slik dei sjølve vil.
SFJ-styret har sett på kven som er påmelde til årsmøtet, og NRK-klubben er som vanleg flinke og stiller sterkt bak sitt forslag. Ønskjer du at Alden-stipendordninga skal vere som i dag, må det dermed mobiliserast for dette synet.
SFJ-styret kjem i tillegg med framlegg om å endre nokre av dei andre paragrafane til Alden-vedtektene. Vi foreslår mellom anna at det årleg skal skipast til ein Alden-aften, der stipendvinnarane fortel om prosjekta sine. Vi foreslår også at det i utgangspunktet årleg skal delast ut fem stipend på kr 10 000, som eit minimum.
Sjå elles vedlegget
Mvh
Jon Sørland, leiar i SFJ.

