Alle kan søke eitt av Alden-stipenda

(29.10.06) Alle medlemmer i Sogn og Fjordane journalistlag får no sjansen til å søkje Aldenstipend. Det bestemte årsmøte i laget fredag 27. oktober. Det vart ein engasjert debatt når årsmøtet diskuterte saka. Spesielt journalistane i Firda var negative til forslaget som kom frå NRK.

Mot ei røyst gjekk årsmøtet inn for at samtlege medlemmer får søke på eit av dei fem Aldenstipenda. Dei fire andre stipenda er det berre medlemmer med bilete i årboka som har høve til å søke på. Det skal i vår delast ut fem stipend med ei ramme på totalt 65000 kroner.

Pengane kjem frå Alden
Dette er pengar Sogn og Fjordane journalistlag får som vederlag for at Alden forlag får nytte bilete som medlemmer har tatt. Bileta blir brukt i årboka for Sogn og Fjordane kvart år. I 2007 får SFJ 100.000 kroner av forlaget for denne bruken av bilete. 65000 vert delt ut til medlemmane i stipend, 35000 vert nytta til kontordrift i SFJ.

Fleir og betre søknader
Det var Roy Fauske i NRK som fremma forslaget om endring av vedtektene. Han meinte at det var feil at berre ein liten del av journalistlaget sine medlemmer hadde høve til å søkje på desse pengane. Fauske meiner at ein ved å la fleire søkje, også ville få fleir og betre søknader. Han fekk forståing og støtte frå fleire andre medlemmer.

Forslaget kom frå Roy Fauske(NRK.)

Arne Stubhaug røysta mot framlegget.
Vurderte å trekke seg frå Aldenordninga
Arne Stubbhaug, fotograf i Firda, var ikkje einig med Fauske. Han meiner at desse pengane er betaling til dei medlemmane som har tatt bileta som vert nytta i årboka.
- Difor blir det ikkje rett om dei som ikkje bidreg til boka får ta del i pengane, sa Stubbhaug. Dette synet støtta også mellom andre frilanser Olav Øygard. Firdajournalistane varsla at dei kunne kome til å vurdere å trekkje seg frå Alden-ordninga, dersom dette framlegget fekk fleirtal.
Kan søkje eitt stipend
Det kom etterkvart endring av framlegget til Fauske. I staden for å få tilgang til å søkje på alle stipenda, ville ein at alle medlemmer skulle få høve til å søkje på eitt stipend på 15000.- Resten skal berre medlemmar med bilete i årboka kunne søke på. Dette framlegget vart vedteke, mot røysta til Stubbhaug. Ordninga vert ei prøveordning som skal opp til ny avgjerd på årsmøtet i 2007.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING