Attval til styret i HJ

(30.10.05) Thomas Førde blei attvald som leiar i HJ for eit år. Dei andre styremedlemmene, som var på val tok også attval. Det gjeld Rosa Villalobos, Nils-Tore Sele og Harald Nordbakken.

Siste punkt under det formelle årsmøtet torsdag 27. oktober, var gjennomføringa av val. Leiar Thomas Førde tok attval (1 år), Harald Nordbakken det same (2 år). Rosa Iren Villalobos blir også med to år vidare. Nils-Tore Sele tok attval (1 år), medan Eli Osland, kasserar, ikkje var på val. Nye varamedlemer er fylgjande: Bjarte Amble, 1. varamedlem og Jane Jünger, 2. varamedlem.

 

 Sigmund Hansen og Ingvild Sjo gjekk ut som varamedlemer til styret.

 

 Harald Dale, leiar i valkomitéen gjekk gjennom denne delen av dagsorden.

 

Ny valkomité i 2006 blir: Harald Dale, Truls Horvei og Siri Handeland (ny).

 Revisorar i HJ er Kristine Sele og Arne Frøkedal.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING