Avis-streiken: Kan bli aktuelt med ekstrakontingent

(14.05.04) Dersom streiken i avis-området blir langvarig, kan det bli aktuelt å krevje inn ekstra kontingent frå NJ-medlemmer i andre område. Under streiken for to år sidan måtte mellom anna NRK-medlemmer betale ekstra kontingent.

Landsstyret har vedtatt av medlemmer i aviser og vekeblad som ikkje er i streik skal betale ekstra kontingent frå første streikedag.

Det kan bli aktuelt å krevje inn ekstra kontingent frå medlemmer i andre tariffområde som ikkje er i streik, det vil seie folk i til dømes NRK, TV2 og P4. Det blei mellom anna gjort for to år sidan og ved tidligare streikar i NJ.

Det er landsstyret som vedtar om, og eventuelt kva tid, fleire medlemmer må betale ekstra kontingent. Det er vedtektene til NJ som opnar for dette. I paragraf 16 heiter det: "I spesielle tilfelle kan landsstyret fatte vedtak om ekstrakontingent. Landsstyret fastsetter innbetalingsterminer og nærmere regler om betalingsmåte for lovlig fastsatt ordinær og ekstraordinær kontingent".

Dette er ein naturlig ting ved det å vere medlem i ein fagforeining. Neste år kan det vere vi som er i streik. Då kan vi kome til å trenge både moralsk og økonomisk støtte frå kollegar i avisene. Det er derfor både rett og rimelig at vi stiller opp dei har behov. Dette er altså solidaritet i praksis.

Det kan altså bli aktuelt for NJ medlemmer i NRK å betale ekstra kontingent dersom streiken blir langvarig. Årets ekstrakontingent blir i så fall på 220 kroner i veka.

Vi kjem tilbake med nærare informasjon dersom det blir fatta vedtak om å betale ekstra kontingent.

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING