Avviser klage frå NRK

(19.02.04) Rådmann i Gloppen Martin Lyngstad har avvist klagen frå NRK Sogn og Fjordane på kommunelege Halvard Wannag Sele. NRK har klaga på legen, fordi han held tilbake informasjon om tuberkuloseutbrotet på Sandane.

I eit brev til NRK Sogn og Fjordane skriv rådmannen at han ikkje kan overprøve kommunelegen i ei slik sak. Han avviser klagen og legg til at det er Fylkesmannen som eventuelt må handtere saka vidare. Dette til tross for at assisterande Fylkeslege har opplyst at det er kommunen som er klageinnstans.

Redaksjonssjef Kai Aage Pedersen er opprørt over at det skal vere nødvendig å bruke tid på ei slik sak, men seier han kjem til å anke vedtaket inn for Fylkesmannen. 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING