BA-klubben: - Politisk streik er ikke passende virkemiddel

(12.02.04) På et medlemsmøte vedtok BA-klubben i dag å ta avstand fra politisk streik som virkemiddel i NJ. Redaksjonsklubben kritiserer Landsstyrets streikevedtak fra i fjor og viser til trusler mot ytringsfrieten og journalisters sikkerhet som eneste legitime grunner for politisk streik.

POLITISK STREIK I NJ - HØYRINGSFRÅSEGN.

 

Redaksjonsklubben i BA syner til utsendt høyringsnotat frå Norsk Journalistlag om bruken av politisk streik som faglegpolitisk verkemiddel.

 

Klubbstyret har i møte 12. februar 2003 drøfta høyringsnotatet og vedtok følgjande fråsegn i saka:

 

1.       Som journalistar lever vi av den tilliten lesarane og kjeldene har til at vi ikkje tek part i saker. Å ta del i ein politisk streik vil gjere det umogeleg for journalistar å hevde dette i handsaminga av seinare politisk stoff.

2.       Gjennom å opne for å gje politiske journalistar dispensasjon frå streiken har leiinga i NJ også sett dette problemet. Men etter redaksjonsklubben i BA sitt syn er eit slikt skilje kunstig og ikkje haldbart. Politikk er ein integrert del av alle samfunnsområde. Alle redaksjonelle medarbeidarar vil kome til å dekke saker med politiske følgjer og føringar.

3.       Redaksjonsklubben i BA meiner politisk streik ikkje er passande verkemiddel for ein organisasjon som Norsk Journalistlag. Vi meiner at politisk streik berre må nyttast i svært alvorlege og overordna prinsipielle spørsmål som vedkjem ytringsfridomen eller den generelle tryggleiken til journalistar.

4.       Redaksjonsklubben i BA seier seg lei for måten vedtaket om politisk streik vart fatta på utan godt nok rotfeste i organisasjonen.

 

Fråsegna vart samrøystes vedteke.

REDAKSJONSKLUBBEN I BA

12. februar 2004

Ola Henning Målsnes

leiar

 

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING