BJ-leikar med BA-dominans

(17.08.05) Bergensavisen var sterkast på 4 x 100 meter under BJ-leikane på Skansemyren idrettsplass tysdag kveld. Gordon Andersen hadde på sin siste etappe fått eit godt forsprang frå sine tre kollegaer, og kunne kontrollera det heile mot Knut Langeland (BT).

Av Ketil Tjore

 

Med fem av ni startande under BJ-leikane på Skansemyren tysdag dominerte

Bergensavisen fullstendig denne uhøgtidelege kappestriden mellom

journalistar i Bergen og omegn.

BA tok i herreklassen siger i høgde, kule, lengde og altså i stafetten. Knut

Langeland (BT) var best på 3000 meter, Kyrre Styve (Strilen) var raskast på

60 meter. I dameklassen var Yvonne Fondenes (BA) suveren, utan konkurranse,

men med plusspoeng for å stilla i alle øvingar.

 

Innsatsen var jamt god over heile linja, sjølv om enkelte kommenterte at dei

i fordums dagar nok skulle ha klart betre lengder i stille lengde enn kva

dei tysdag klarte i lengde med tilløp. Det er rart kva femten år og like

mange kilo gjer med kroppen si evne til å flyga langt.

Vinnarar av kvar sitt gåvekort á 300 kroner på Platou sport er Per Lindberg

(BA), Knut Langeland (BT) og Kyrre Styve (Strilen). Vinnarane får nærare

melding om overlevering av gåvekort. Trekninga er avgjort etter metoden

«sett hale på grisen», og underteikna var ikkje kvalifisert til å verta sett

hale på.

 



ØVING KLASSE NR. NAMN KLUBB RESULTAT SERIE VIND
Høgde Menn 1 Gordon Andersen BA 1.40
Høgde Menn 2 Knut Langeland BT 1.35
Høgde Menn 3 Ketil Tjore Strilen 1.05
Høgde Kvinner 1 Yvonne Fondenes BA 1.10
Kule 7,25kg Menn 1 Per Lindberg BA 7.65 (7.65-7.43-7.13-7.14)
Kule 7,25kg Menn 2 Dag Hellesund BA 7.64 (6.52-7.64-x-6.38)
Kule 7,25kg Menn 3 Gordon Andersen BA 7.47 (6.63-6.94-7.47-7.35)
Kule 7,25kg Menn 4 Ketil Tjore Strilen 7.18 (6.39-x-x-7.18)
Kule 7,25kg Menn 5 Knut Langeland BT 7.06 (6.21-x-6.84-7.06)
Kule 7,25kg Menn 6 Kjetil Gillesvik BA 6.08 (5.21-6.08-5.28-x)
Kule 7,25kg Menn 7 John Lindebotten BT 5.85 (5.63-x-5.16-5.85)
Kule 7,25kg Menn x Kyrre Styve Strilen DNS (møtte ikkje til start)
Kule 4kg Kvinner 1 Yvonne Fondenes BA 5.91 (5.91-x-5.86-x)
3000m Menn 1 Knut Langeland BT 11:45.9
3000m Menn 2 John Lindebotten BT 11:57.4
3000m Menn 3 Kjetil Gillesvik BA 12:11.9
3000m Menn 4 Per Lindberg BA 12:14.6
3000m Menn 5 Ketil Tjore Strilen 14:18.0
3000m Menn x Dag Hellesund BA DNS (møtte ikkje til start)
3000m Kvinner 1 Yvonne Fondenes BA 14:38.9
Lengde Menn 1 Gordon Andersen BA 4.84 (4.44-4.56-4.84-3.41) godkjent
Lengde Menn 2 Dag Hellesund BA 4.49 (4.49-4.33-4.39-3.68) godkjent
Lengde Menn 3 Knut Langeland BT 4.01 (3.55-3.73-4.01-3.98) godkjent
Lengde Menn 4 Ketil Tjore Strilen 3.50 (2.74-x-2.89-3.50) godkjent
Lengde Menn 5 Kyrre Styve Strilen 3.34 (3.34-2.73-2.98-3.23) godkjent
Lengde Kvinner 1 Yvonne Fondenes BA 3.50 (2.63-3.38-3.02-3.50) godkjent
60m Menn 1 Kyrre Styve Strilen 8.4 godkjent
60m Menn 2 Dag Hellesund BA 8.5 godkjent
60m Menn 3 Knut Langeland BT 8.6 godkjent
60m Menn 4 Gordon Andersen BA 8.7 godkjent
60m Menn 5 Ketil Tjore Strilen 9.0 godkjent
60m Kvinner 1 Yvonne Fondenes BA 10.0 godkjent
4x100m stafett Åpen 1 Dag Hellesund,
Per Lindberg,
Kjetil Gillesvik,
Gordon Andersen
BA 60.8
4x100m stafett Åpen 2 Yvonne Fondenes,
Ketil Tjore,
John Lindebotten,
Knut Langeland
BA/BT/Strilen 63.0


Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING