Journalistprisen var i år tredelt. Lena Vermedal skreiv seg heilt til topps med reportasjen "Livmor til låns" som stod på trykk nyttårsaftan. Den handlar om ei kvinne frå Vestlandet som valte å bli surrogatmor for eit homofilt par ho møtte på nettet.
Beste nyheitssak vart artikkelen "Forfekter åpenhet - praktiserer hemmelighold" om Terra-skandalen laga av Haugesunds Avis-journalistane Hans Inge Ringodd og Joar Grindheim.
NRK Rogaland og journalist Gisle Jørgensen fekk pris for beste magasinsak med reportasjen "Kampen om Rådhusplassen". Det dreier seg om kampen mellom Bergen og Haugesund om å vinna Rådhusplassen på Monopolbrettet.
Dei to prisane var på 2.500 kroner kvar.
Juryen har bestått av Siri Handeland, Egil Severeide og Magne Kydland.
To fekk fotopris
Det var fotograf Knut Strand i Bergens Tidende som også i år delte ut fotoprisane. Vinnarane vart Terje Størksen og Kjell Strand i Haugesunds Avis.
- Det har vore ei kraftig nivåheving, meiner han.

