![]() |
![]() |
Bent J. Tandstad (53) har jobba i NRK sidan 1997, i tekst-tv, NRKnyheter.no, Nyheitsspelaren på nett og no på NRK2-nyheitene. Han har vore leiar i redaksjonsklubben i ein toårsperiode også tidlegare, og har i fleire år vore styremedlem i klubben. Han var også klubbleiar og representant for dei tilsette styret i Gjengangeren ein periode då han jobba der frå 1984 til 1987. Bent tek over som leiar etter Irene Rossland.
NJ-klubben i Sentralredaksjonen har medlemer frå tekst-tv, nettnyheitene, Nyheitsspelaren på nett og NRK2. Det er pr. dato 26 medlemer i klubben. Styremedlemer i redaksjonsklubben er Gaute Zakariassen, Eva Stabell og Vilde Helljesen. Varamedlemer er Rima Iraki og Helge Carlsen.




