Bergen Journalistlag med "Digital sporhund"

(29.11.05) 25. til 26. november arrangerte Bergen Journalistlag kurset «Digital sporhund» i Bergen. Kurset kom til gjennom eit samarbeid mellom BJ, NJ, IJ og LLA, og bakgrunnen er BJ sitt arbeid for at fleire skal få nytta seg av IJ sitt kurstilbod.

Då kurset vart annonsert var det rift om dei tolv plassane, og plassfordelinga vart gjort slik at flest mogleg redaksjonar vart representert. Kurset vart lagt til ein fredag og ein laurdag for at små redaksjonar lettare skulle kunna la journalistar vera med. I mindre redaksjonar er det ofte vanskeleg å ha folk vekke fleire dagar. Kurset var av IJ prisa til 3.500, og med ein tusenlapp til kvar i sponsing frå NJ vart prisen for kvar enkelt 2.500.

 

Astrid Dalehaug Norheim frå Vårt land i sving med arbeidsoppgåver.
Foto: Dag Hellesund, BA
 

Bergens Tidende var velviljug og stilte sitt kurslokale til disposisjon. Redaksjonane som var representert på kurset var NRK, BA, Vårt land, Os- og Fusaposten, Strilen, Askøyværingen og Hordaland Folkeblad, i tillegg til ein frilansar.

 

Av Ketil Tjore,

Bergen Journalistlag.

 

 

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING