Bergo kjappast på Skansemyren

(26.06.06) BA-redaktør Olav Terje Bergo var raskaste redaktør på 60 meter under BJ-leikane på Skansemyren tysdag 20. juni.

Av Ketil Tjore

Bergo fullførte den magiske distansen på respektable 9,7, klokka inn av uhilda tidtakarar frå idrettslaget Fri. Bergen Journalistlag hadde sikra seg tidtakarar utanfrå for å vera trygg på at tidene var sikre som opplagskontrollen.

BAs næringslivsredaktør Lasse Bergersen, BTs nyhetsredaktør Anne Gjerde og BAs sjefredaktør Olav Terje Bergo i fri dressur på Skansemyren.

Frå Bergens Tidende møtte nyhetsredaktør Anne Gjerde for å forsvare avisens ære. Sjefredaktør Einar Hålien måtte nemlig på møte i Oslo, og kunne difor ikkje stilla i redaktørduellen. Anne Gjerde nådde ikkje heilt opp i denne delen av nyhendekampen, og kom inn på 13,1. Hun forbedret persen til 12,7 da hun løp mot resten av jentene runde to. Konklusjonen må bli at Bergo heretter kan ta jobben med å springa etter brannbilane, han kjem i alle fall før BT.

BA var sterk også på 3000 meter, der sportsleiar Gorm Natlandsmyr kom inn på 12.10.6. Dumt då at Mons Ivar Mjelde har kutta ut dei lange joggeturane, steinkondis er i dag ikkje naudsynt for å vera «tett på Brann».

Også i år vankar det flotte premiar til tre av deltakarane. Anette Berentsen, NRK, Linda Eide, NRK, og Maiken Fotland, BA, er dei heldige vinnarane av gåvekort på sportsbutikken Platou i Bergen. Vinnarane vil få gåvekorta tilsendt.

Sjå også resten av resultata her

 

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING