Berre 50 plassar: Meld deg på vårseminaret no

(04.01.06) Alle NJ-medlemmer i Sogn og Fjordane er invitert til Sogn og Fjordane journalistlag sitt vårseminar 2006. I år møtest vi på Hotel Alexandra i Loen frå laurdag 4.til søndag 5.mars. På grunn av økonomien har vi berre plass til 50 deltakarar, så ver rask med påmelding. Siste frist er 1. februar.

Du får spennande og kreativt fagleg program, overnatting og festmiddag med utdeling av aldenstipend. Sjølvsagt er det gratis for NJ-medlemmer! På grunn av økonomien har vi berre plass til 50 deltakarar, så hiv deg rundt og meld deg på no! Her gjeld først til mølla-prinsippet.

Send ein epost til stian.sjursen@nrk.no for å melde deg på.

Kven som melder seg på kan du sjå etterkvart her.

Påmeldingsfrist 1. februar 2006.

SJÅ PROGRAM



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING