Deltakarane på vårseminaret fekk lære meir om det tøffe livet i og rundt norske rettssalar. – Mange advokatar vil bruke media svært aktivt i åra framover, for dei veit at media påverkar både dommarar og juryar, fortel Strømstad, som i ein tidleg periode var med på ”sirkus Orderud” som medforsvarar for Veronica Orderud.
Manglar i paragrafen
Media er svært aktive i omtale av store, alvorlege straffesaker. Det føregår eiga etterforsking og eigne konklusjonar. Difor er det så viktig at media følgjer sine eigne, etiske reglar nedfelt i ver varsam-plakaten. Når det gjeld paragrafen om identifisering av mistenkte og tiltalte, vart den endra i november i fjor. Strømstad tykkjer framleis det er manglar med paragrafen.
- Så lenge ein ikkje har definert kva ein meiner med ”berettiget informasjonskrav”, veit journalistane eigentleg ikkje kva publikum har behov for å vite. Det vert opp til eigne tolkingar, og såleis er paragrafen lite rettleiande, meiner Strømstad.
Gjennom enkel psykologi fortalte Strømstad korleis mange journalistar, advokatar og dommarar tenkjer. Det er mange mekanismar hjå alle tre som set rettstryggleiken i fare. Difor oppmoda ho om å tenkje yrkesetisk i val av vinklingar og handsaming av ulike saker.
- Det er klart at pressa sin sans for blod, opplagstal og profitt som jaktutbytte i straffesaker påverkar dekkinga av sakene. Kanskje vert feil folk identifiserte og førehandsdømde. Hugs at alle er uskuldige til det motsette er prova. Journalistar er like dårlege til å vurdere truverde hjå ein tiltalt som ein dommar, sa Strømstad til ei stor og interessert journalistforsamling.

