Stemmemateriell er sendt ut til alle avdelingar/redaksjonar og skal vere tilgjengelig. Lista til NRKJ er gul og det er viktig
at du bruker den når du skal stemme. Fristen for å levere går ut på ettermiddagen måndag 15. april.
Alle NRKJ-medlemmer bør stemme for å sikre at journalistane også er representert i styret framover.
Geir Helljesen er framleis vår kandidat til vervet. Leiinga i NRKJ har bede han om å ta to nye år fordi han har verdifull erfaring og kompetanse. Gro Holm står på andreplass på lista vår. Ho blir såleis vararepresentant for Geir og er ein mogleg kandidat til å overta plassen til Geir ved valet om to år. Fem av åtte kandidatar på lista vår er forøvrig kvinner.
Tilsette sin representasjon i styret er ein sentral del av bedriftsdemokratiet. Ordninga og gjennomføringa av valet er heimla i Aksjelova. Hos oss blir valet gjennomført som forholdstalsval. Det er såleis ikkje høve til å endre på stemmesetelen.
Spørsmål om valet kan eventuelt rettast til underteikna.
Leif-Kjartan Bjørsvik
Nestleiar NRKJ