Bruk stemmeretten

(05.04.02) Så er det igjen tid for å velje representantar for dei tilsette i styret i NRK AS. Dei tre fagforeiningane har kvar si liste. Geir Helljesen toppar lista til NRKJ. Bruk din stemmerett og lever stemmeseddelen før 15. april.

Også denne gangen skal valet foregå som eit forholdstalsval. Det vil seie at du skal stemme på lister og ikkje på enkeltkandidatar. Du har berre moglegheit til å stemme på ei liste og det er ikkje mogleg å gjere endringar på lista. Vi oppfordrar deg til å bruke lista til NRKJ når du skal stemme! Lista vår er gul.

Heile NRK er inndelt i stemmekretsar. Truleg er det ein av sjefane dine som er leiar for stemmekretsen der du jobbar. Vedkomande har ansvar for å administrere valet der du er. Du kan stemme frå stemmesetlane er tilgjengelige på arbeidsplassen din og fram til måndag 15. april klokka 1530.

Alle som har vore tilsett i NRK samanhengande sidan 31. desember 2001 og har minst 50 prosent stilling har stemmerett. Tilsette som er i fødsels-/omsorgspermisjon eller permisjon for å avtene verneplikt har stemmerett.

Korrespondentar og medarbeidarar på lokalkontor kan stemme via posten direkte til Valstyret.

Tilsette som ikkje er på arbeidsplassen i det tidsrommet det er mogleg å stemme, kan få tilsendt lister og stemme via posten.

Bruk stemmeretten din!

Hugs at lista til NRKJ er gul.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING