| Norske vinnarar med artikkelforfattaren til høgre. Foto: Jeanette L. Bækkevold |
Dei hadde alt. Dei kjenslevare pianofingrane til Morten, som dundra laus på tangentane fordi dempepedalen hadde hengt seg opp, dei intense og hese bluesrøystene til Sigurd og Åshild i perfekt harmoni og den spinnville hippien ute til venstre som tidvis heldt rytmen med skeier. Og koret. Og allsongen. Og munnspelet til Sigurd. Gosh! Dette var ikkje habahaba om kva bestemor sa, nei, dette var keep on fighting, together we will be strong. Iallefall med Holger Danske på laget.
For like genialt som å sende ein kviterussar til Moskva for to år sia, var det å hylle den danske sagnhelten i Helsingør. Holger the Dane, we beg you now please wake up, for the multinational corporations are eating us up. Dette vert ein klassikar, internasjonalen for alle frilansarar, ei blå kamphymne som vil ljome på alle små og store frilanssamlingar over heile Norden til Dovre fjell og Holger vaknar.
Når det gjeld kostyme og sceneshow måtte norskebluesen sjå seg slått av finnane og deilige Turkka Syrjäläinen (utt. Surrealeinen), som kom på ein høgst fortent andreplass med stripping som opptakt, stor entusiasme og ein klassisk finsk-kryptisk tekst om at Sweeden have to fall og I don’t want to talk, og det vil dei jo ofte ikkje. På dagtid iallefall.
Svenskane hadde den lite takksame oppgåva å syngje etter Noreg, og heldt på å trekke seg i rein skam - vinnaren var jo allereie soleklar. Songen handla mest om kor mette dei var, sprita opp med eit voj-voj-plagiat frå ein eldgammal norsk grand prix-låt. Dessutan trekte språket ned, i følgje juryen, og dei hamna nest sist.
Tolkinga av det danske bidraget Krøller eller ej - om børn med og utan krøller - ligg langt utanfor fatteemna til denne MGP-kommentatoren. Dessutan svikta teknikken, som var ein PC med nokre uforståeleg ulydar på. Juryen påpeika også at vi er i 2011 og det er upassande med masse damer og berre ein mann - som forøvrig prøvde å smelte publikum som søreuropeisk smørsongar, men han drukna i skvalderet. Dette trekte vertslandet ned til botnplassen.
Ein merknad om at Noreg juksa fordi ein av artistane kunne spele piano vart ikkje teke til følgje. Dermed vil neste års Nordic Song Contest verte arrangert i vinnarlandet Noreg. Kanskje.
I Helsingør for Frilansjournalisten: Marit Spoonful Bendz, fullstendig subjektiv (reisa var sponsa av NJ).


